Nytt og imponerande skimuseum
Rindalingane har mykje skihistorie å ta vare på, både sportsleg skihistorie og ikkje minst industriell skihistorie. Derfor er det nok på sin plass at denne historia blir teken vare på og vist fram til komande generasjonar. Det har jammen Rindal skimuseum klart på ein framifrå måte. Det nye skimuseet har fått med seg heile den lokale skihistoria, samtidig som dei har teke vare på industihistoria og presenterte dette på ein fin og balansert måte i det nye skimuseet. Eit besøk der kan absolutt anbefalast!