Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvikfestivalen i gang: Stappfullt (og varmt) på «tjuvstarten»

Jon Olav Ørsal Fredag 25. juli 2014

Torsdag kveld var det premiere for årets Stangvikfestival. Det skjedde på Gammelfabrikken, og med 30 varmegrader utomhus var det nok bokstaveleg fortalt ei utfordring både for arrangøren og artistane å halde koken. Men folk har tydeleg vis begynt å venne seg til varmen, og førestillinga «Stemt»  vart ein formiddabel suksess frå start til mål…

Stemt2_4851

Det vart mykje applaus på Marianne. Ho tok publikum med storm og fikk skikkeleg tilbakemelding frå publikum. Foto: Jon Olav Ørsal

Storsalen på Gammelfabrikken var fullsett da Torbjørn Larsen kunne ønskje publikum velkomen til tjuvstarten på Stangvikfestivalen 2014 og overlet ordet til musikals leiar Trygve Brøske slik at han kunne «varme opp» publikum med litt allsong i starten. men snart entra Marianne meløy scena, og ho hadde jammen ordet i sin makt. Ho er rett og slett ein festleg ordkunstner som berre må opplevast «live».

Ho tykte det var «kjøle svert» å få kome til Todalen med førestillinga si og har nok eit språkøre ikkje hadde trengt å bodd her meir enn eit par veker før ho hadde «talla todaling». Marianne er nordlenning og vi fikk etter kvart mange smaksprøver det nordnorske lynne, og utbroderte kvinnereplikkar og demonstrasjon av både stemmebruk og stemmerett gjennom førestillinga. både Siv Jensen, Hanna Kvannmo, og  mange andre kjendisar vart parodiert og sitert.

ST_Festival_ute1_4862

Folk kosa seg og «mingla» i det flotte parkanlegget både før og etter førstillinga. Gradstokken var nok rundt 30 på tampen av dagen! Foto: Jon Olav Ørsal

Stangvikfestivalen fortsett i kveld med opningskonsert i Prestegardsstua kl 18 og Russisk aften i Bondehuset 22. I tillegg opnar kunstuststillinga med «Pirjo og Bebbo» kl 20.

Stangvikfestivalen: Bildeglimt frå tjuvstarten på gammelfabrikken og miljøet omkring finn du i galleriet nedafor.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 25. juli 2014, 09:55