Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bra interesse for visninga

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. juli 2014

Onsdag ettermiddag arrangerte Notar visning i Smålandsgrenda. Det er Midtbø eller «Stuå» som den siste tida har ligge ute for sal på Notars heimerside, og onsdag var det fellesvisning slik at dei som var interessert kunne sjå seg rundt i både hus og uthus.

Det var Aleksander Faksvåg Talgø som representerte Notar på visninga. Han kunne berette at det har vore bra interesse i forkant og på visningsdagen var det ein jamn straum med folk som kom for å sjå og vurdere om dei skulle gi bud.  Talgø trudde faktisk han hadde namn og aner frå Todalen, – langt atti slekta si, men var ikkje heilt sikker på korleis det hengte saman.

Han fortalte at det no ville bli høve til å leggje inn bud på eigedommen som er lagt ut med ein takstverdi på 1,1 mill. Eigedommen tilsaman på rundt 157 dekar, derav rundt 15 dekar dyrkamark og resten skogmark og er konsesjonspliktig med bo- og driveplikt.

Publisert: 23. juli 2014, 18:07