Populært med «Open gard»
Todalen Bondelag samla over 200 til open gard i Viastua sist søndag. Både bygdefolk og utebygds frå kom publikum for å sjå det nye fjøset og for å sjå korleis livet på ein moderne gard artar seg med både dyr og tekniske innretningar. Vertskap var Ola Kvendset og kårfolket Wenche og Gudmund Kvendset som hadde litt av kvart å vise fram og fortelje om til publikum.