Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skifte i gravferdsbyrået

Jon Olav Ørsal Tysdag 9. september 2014

Den 1. oktober blir det eigarskifte i Surnadal og Rindal begravelsesbyrå. Da går Ragna og Ivar Meisingset over i pensjonistanes rekkjer, og Anna Britt og Palmer Vikan tek over. Da er det heile 36 år sia Ragna starta eige gravferdsbyrå heim på garden i Øvre Surnadal. Anna Britt og Palmer er godt budd på å ta over, og vi er sikre på at vi overlater begravingsbyrået i trygge hender, seier Ragna Meisingset.

Ragna starta verksemda i 1978, og Ivar kom med i drifta frå 1979. Etter 36 år med meir eller mindre samanhengane 24-timars vakt, gler dei seg no til å bli pensjonistar. – Det blir nok litt rart i starten, seier Ragna, men eg trur det skal gå bra og Ivar er enig. Dei har tenkt mykje på korleis overgangen til pensontilværet skulle skje, – ein periode var det plana at sonen Olav skulle overta drifta etter foreldra. Men plana vart endra, og no er vi veldig glade for at Anna Britt og Palmer Vikan tek over frå 1. oktober. Ragna og Ivar føler seg trygge på at dei nye drivarane vil føre livsverket vidare i same ånd.

Ragna fortel korleis dei bygde opp gravferdsbyrået frå grunnen, og korleis dei har drevet oppgjennom åra. Det er nok mykje som har endra seg gjennom dei 36 åra som er gått, både med tanke på gravferdsskikkar og praktiske ting. Sjølv om dei er forsiktige med å fortelje om ting frå verksemda, forstår vi at det har vore mange lange og krevjande arbeidsdagar. Men dei har trivdes med arbeidet og vorte kjent med mykje triveleg folk i området. Vi føler at folk er takknemlege og at vi har vore til god hjelp for mange. Ragna og Ivar rosar spesielt ambulansepersonalet og mannskapet i politiet for godt samarbeid og uvurderlig hjelp gjennom alle desse åra.

Frå 1. oktober tek altså Anna Britt og Palmer Vikan frå Nordvik over. Dei har alt fått prøva seg litt som vikarar no i sommar. Vi føler oss trygge på dette, og er no klare til å starte på, seier Palmer. Hen legg til at dei begge har ei god mageføling for dette, og er klar over at dei har valgt eit yrke og livsstil for mange år framover. Men vi har heile familien attafor oss i dette valet, og det er godt.

Palmer kjem frå jobben som dagleg leiar i Skog-kompaniet, og Anna Britt frå sjukepleiarjobb på Surnadal sjukeheim. Palmer seier at det var heilt tilfeldig at dei kom borti dette, og det blir nok ein stor overgang når dei no startar drifta av Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå AS frå heimen på Nordvik. Dei har investert i ny bårebil, og vil altså kunne ordne alt det praktiske i samband med ei gravferd derfifrå. Dei vil være eit uavhengig byrå som ikkje er knytta til noko spesiell kyrkjesamfunn eller spesiell religion, fortel Anna Britt til slutt.

 

Publisert: 9. september 2014, 21:47