Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tidenes klangfest i Stangvik laurdag

Bernt I Bøe Fredag 12. september 2014

Med 45 manns orkester, solistar, kor og flygel ligg det an til tidenes klangfest i Stangvik kyrkje laurdag. KKKK-festivalen «tjuvstartar» 2014-programmet med Bernsteins «Chichester-salmar», Rutters «Magnificat» og ikkje minst Gershwins «Rhapsody in blue».

Klangfest b2 Krs Kammerkor 2013 Messias

Dirigent Peder Rensvik og hans utrøttelege Kristiansund Kammerkor har denne gong med seg solistar og eit uvanleg klangrikt orkester.  Særleg Bernstein-salmane krev eit enormt batteri – fem slagverkarar (m.a. 4 pauker), to harper, tredoble messinggrupper og strykarar. Kyrkjerommet i Stangvik har opplevd mykje klangfylde opp gjennom åra, men neppe maken til dette!

 

Mixa jazz og klassisk

George Gershwins konsertliknande «Rhapsody in blue» (1924) er ein spenstig mix av jazz og klassisk. Komponisten irriterte seg over at jazzen berre var betrakta som danserytmer og tok den eit langt skritt vidare. Det nye verket greip dirigent Paul Whiteman slik at han glømte å dirigere, mista taktstokken og berre skalv! I Stangvik er Sveinung Bjelland klaversolist, og Peder Rensvik dirigerer – sikkert med fatning.

Klangfest c Klaversolist Sveinung Bjelland

Klaversolist Sveinung Bjelland

 

Storslått salmeverk

Også Leonard Bernstein (1918-1990) beherska jazz og klassisk. I 1965 tonesette han fem bibelske salmar (Salme 23, 100, 108, 131 og 133) for korfestivalen i Chichester i England. Desse blir sungne på hebraisk i Stangvik-kyrkja.  Med uvanlege rytmer (som 7- og 10-takt) og krevande toneføring er «Chichester Psalms» ei stor utfordring. I koret syng f.eks. bass og tenor i parallelle septimar, som symbol på det heilage 7-talet i Bibelen! Men samtidig gir dei tre satsane ei veldig klangoppleving – med kjempeorkesteret og dei to harpene rundt songarane.

Klangfest e1 Bernstein L c Col

Leonard Bernstein

Dansande Magnificat

Engelske John Rutter (fødd 1946) er populær korkomponist og arrangør – ikkje minst av julesongar. «Magnificat» (1990) er tonesetting av Marias lovsong frå Lukas 1. Rutter legg også inn diktet «Of a Rose», bøna «Sancta Maria» og eit eldre Sanctus. Latinamerikanske musikkelement pregar verket – ettersom Rutter sjøl vil gjenskape noko av dansetradisjonen frå Spania, Mexico og Puerto Rico som er knytt til Maria-lovsongen.

Klangfest f1 RUTTER John a

John Rutter

 

Fargerik og variert klangmeny i Stangvik-kyrkja laurdag, altså.

Klangfest a1 Stangvik krk

 

Først publisert: 12. september 2014, 05:00 - Sist oppdatert: 11. september 2014, 22:51