Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stavgang Todalshytta – Ramsøya.

Randi og Vidar Sogge Fredag 12. september 2014

Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag møttest torsdag 11. september på Todalshytta, ei av dei fire hyttene som forretningsmannen  og sportsfiskaren Ethelbert Lort Phillip fekk bygd først på 1900-talet. Dei andre hyttene er Vangshaugen på Sunndalsfjella, Trædal i Sunndal og Phillipshaugen i Øksendal.

På marsjen langs elva passerte  vi eit par kunstig oppbygde hølar før vi kryssa elva (”Fillip-brua”) og kom til Ramsøya. Matpausen tok vi på Todalshytta.

Neste veke møtest vi ved parkeringsplassen til Kvenndalsvegen. Der organiserer vi oss i færrast mogleg bilar og køyrer samla til gapahuken Kvennbu i Kvenndalen der vi startar marsjen kl 13.00. Marsjen går langs vegen innover dalen. Alle er velkomne, og du treng ikkje bruka stavar.

Bildegalleri frå rundturen frå Todalshytta til Ramsøya, og med kaffepause på Todalshytta. Alle foto: Randi og Vidar Sogge

 

Publisert: 12. september 2014, 07:31