Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Aktiv dag på Skei

Jon Olav Ørsal Måndag 8. september 2014

Laurdag var det premiere for Kreativt Forums torgdag på plassen framfor kulturhuset. Det var liten respons både frå utstillarane og frå publikum, og det hadde nok si årsak i marknadsføringa, trudde Tove Merete Schei som var ein av initiativtakarane gjennom Kreativt Forum. – men vi er godt i gang, fortalte ho, og no satsar dei på større aktivitet på neste torgdag som blir laurdag 4. oktober. Seinar blir det torgdag første laurdag i kvar månad.

Torgdag_ToveSchei_6451

Tove Merete Schei heldt vaffelpressa varm, og folk kosa seg på torgplassen. Foto: Jon Olav Ørsal

Dermed har alle som vil mulegheit til å kome på torget for å selge varer og produkter, og leige seg torgplass for ein billeg penge, seier Schei. Denne laurdagen var det nok mykje anna som foregikk rundt om kring og da er det kanskje vanskeleg å få nok publisitet rundt arrangementet.

mange stakk innom på omvisning på Thon Vårsøg hotell.  Foto: Jon Olav Ørsal

Hos naboen, på Thon Vårsøg hotell, var det open dag sist laurdag. Dei inviterte bygdefolket til å kome innom for å sjå hotellet og kva dei har å by på ikkje berre av lokaliteter men også på menyen. Denne kvelden inviterte dei publikum til å kome og smake den nye menyen i Horisonten restaurant for ein rimelig penge. Det ble fullt hus og vel så det.

ThonVårsøg_Heggset_6471

Kari Heggset var stolt av å vise fram eit av dei flotte romma som dei kan by gjestane på hotellet. foto: Jon Olav Ørsal

ThonVårsøg_6482

Kari Heggset og Danijela Ardstedt poserer ved det store panoramabildet frå Kårvatn i gangen ved Horisonten restaurant. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 8. september 2014, 22:00