Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Har køyrt elbil i 13 år..

Jon Olav Ørsal Måndag 8. september 2014

Fredrik Sjøflot er ein av pionerane når det gjel bruk av elbil, og kanskje den første i Surnadal kommune. Han kjøpte nemleg sin første Think elbil i 2001, og har altså «gått på strum» i 13 år. No har han sin bil nummer 2, ein Peugeot. Men den første elbilen kom til Noreg alt i 1903, og ute i den store verden kom elbilar på slutten av 1800-talet. Satsinga på elbilar i stor stil kom først på 2000-talet og faktisk dei siste åra etter at satsinga på ladestasjonar starta.

ELbildag_bøfjorden_6562

På Sjøbruksmuseet var det elbildag sist søndag, med Einar Oterholm som foredragshaldar. Foto: Jon Olav Ørsal

I helga var det elbildag på Sjøbruksmuseet i Bøfjorden, der Einar Oterholm heldt foredrag om historia til elbilen. Den var heilt annleis enn vi trudde, og elbilen hadde faktisk 1/3 av bilmarknaden rundt 1900, og konkurrerte da med damp- og bensindrevne bilar. Bilmarknaden var nok ikkje så stor den gongen, men dårleg tilgang på strum varnok eit problem. Da vart det også betre tilgang på bensin som drivstoff og Henry Ford tok nok knekken på elbinane med T-Forden sin. Dette kan du lesa meir om på Driva.no

ElGolf_folk_6530

Slik ser det ut under panseret på elgolfen. Forbrenningsmotoren er rett og slett utbytta med ein elmotor. Foto: Jon Olav Ørsal

ELbilutstilling_6544

…og det var ikkje berre mannfolka som studerte bilane som var utstillt. Her har Randi V. Bøe og Bernhard Bøklepp ein bilprat ved E-golfen. Foto: Jon Olav Ørsal

ELbil_veteranar_6535

To som var tidleg ute med elbil. Asbjørn Heggem med sin Tesla og Fredrik Sjøfott med Peugeot. Begge starta med Think først på 2000-talet. Foto: Jon Olav Ørsal

EinarO-elektromotor_6554

Engasjert foredragshaldar. Einar Oterhol demonstrerer ein enkel elmotor for publikum på Sjøbruksmuseet. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 8. september 2014, 20:06