Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9138 artiklar i dette arkivet.


Trimbasar rundt hjørnet…

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. oktober 2014

Neste helg, søndag 12. oktober, arrangerer Todalen idrettslag trimbasar. Denne helga starta før3ehandssalet av lodd, og Ingeborg Myrvang var på plass med strikktøy og loddbøker på Matkroken. Ingeborg skrytte av at folk som var innom butikken var flinke til å kjøpe lodd og støtte idrettslagets basar – der inntekta går til trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa på deling.


Ny runde med stamlaksfiske i Toåa

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. oktober 2014

Det har i haust vore fleire rundar med stamlaksfiske for å sikre dei rette genene til å føre slekta vidare i Toåa. Det har forsåvidt vært bra resultat frå fisket tidlegare i haust, men ved gentesting har fleire laksar hatt usikre genere og blir derfor ikkje avla på, seier ledar i Todalen elveeigarlag Ola Bruset.


Onsdag blir det lapskaus på eldremiddagen

Jon Olav Ørsal Fredag 3. oktober 2014

Eldremiddagen er godt igang igjen etter sommarferien. Sist onsdag var det rømmegraut og spekemat på menyen, der veterankokkane Jenny Kvendset og Olina Halle trakterte gjestane med god heimlaga rømmegraut. Komande onsdag er det lapskaus som står på menyen, som dei fleste onsdagane består av god og heimlaga humannskost. Både todalingar og utabygdes nyttar seg av dette populære tilbodet som foregår i sanitetshuset kvar onsdag. Komande onsdag er det lapskaus på menyen.


Hausttur til Storhaugen i Torvik

Vidar Sogge Fredag 3. oktober 2014

Torsdag den 2. oktober besøkte Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag Randi Lysø i Nestua Torvik. Medan halvparten av gruppa la i veg utover forbi Fyrlykta, var Randi turleiar for oss andre og viste veg opp til Storhaugen, ein utsiktsplass knapt tre kvarters gange opp for gardane i Torvik.


Asfalt over stikkrennene på plass

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. oktober 2014

Torsdag har det pågått asfaltering over dei stikkrennene som er utbetra og fornydd på strekninga frå inner Driva til Bordholmen på RV671. Det er veidekke som har prosjektet med utskifting av stikkrennene, men arbeidet har dei siste par vekene vore utført av J.Reiten. Veidekkes folk forebudde asfalteringa, og eit innleid firma la ny asfalt på over dei stikkrennene som er skifta ut.


Skulstuå får ny vêrvegg…

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. oktober 2014

Vêrveggen på Skulstuå (Gammelskulen) blir i desse dagar skifta ut. Da vi knipsa bilete i skyminga var arbeidet forlengst slutt, men det er snikkarar frå Latvia som utfører arbeidet. Ytterveggen hadde nok stått sitt høgst, og blir no skifta samstundes som ei av skottdørende blir kledd att. Tidlegare er vindauga mot vegen skifta ut på grunn av råteskade, og det blir vel meir vedleikehald etter kvart.


Tysdag var siste dag på jobben for Anders

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. september 2014

Tysdag hadde Anders Talgø sin siste arbeidsdag ved Surnadal Vidaregåande skule. Jobben som rektor var slutt 1. september, da Mons Otnes formelt tok over ansvaret. Den siste månaden har dei to overlappa, og har mellom anna gjennomgått prosjekt som ikkje er avslutta. Men no er det slutt med skulearbeid, og det blir honning- og straumproduksjon i staden.


Utan TV-signal: – Skuggenettet ute på 4. dagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. september 2014

Helgas runde med lyn og torden har nok slått ut sendaren for skuggenettet på Hjellnes. Sendaren er no ute på 4. dagen, og folk tek til å bli utålmodige. I feilmeldingstjenesten på Norges Televisjon står sendaren i Todalen oppført med teknisk feil….


No blir det slutt på ruskvêret

Jon Olav Ørsal Måndag 29. september 2014

Ruskvêret er nok over for denne gong. På «indre» vart det på langt nær så dårleg vêr som vêrmeldingane tyda på, men vi har nok hatt føling med både sterk vind og store nedbørsmengder. Elvane har vore prega av nedbøren, og natt til søndag var det nok mest vassføring i Toåa. Da var vassmålaren opp mot 42 m3/sek ved NVEs målestasjon ovafor Storfossen.


Utdanning + kjærlighet = ikke Todalen

Mari B. Redalen Måndag 29. september 2014

Som så ofte skjer, utdanning må gjøres utabygds, og da er det også en viss fare for at en finner den store kjærligheten på turen. Det opplevde denne gangs blogger også, som så mange med henne.


T.I.L. – medlemsfest med skaldyrmeny

Jon Olav Ørsal Sundag 28. september 2014

Laurdag kveld var det tid for medlemsfest for Todalen Idrettslag. Det skjedde på Pakkhuset Kro, der det var duka for årets store skaldyrfest, og mellom 40 og 50 deltakarar gjorde eit skikkeleg innhogg i skaldyrkoldtbordet som verskapet hadde laga i stand.


Konfirmasjonsfest med 50-årsjubilantar

Jon Olav Ørsal Sundag 28. september 2014

Denne helga markerer soknerådet 50-årsjubileum for konfirmantane frå 1964. Denne markereinga starta med fest i Todalen ungdomshus laurdag kveld, og fortsette søndag med markering under gudstenesta i kyrkja. 10 av dei 14 konfirmantane deltok på festa laurdag kveld, der både jubileumskonfirmantane og bygdafolket elles var invitert til middag og underhaldning i ungdomshuset.