Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Stangvik kyrkje: Fristar med adventkonsert

Jon Olav Ørsal Måndag 8. desember 2014

Stangvik jentekor inviterer til adventkonsert i Stangvik kyrkje tysdag kveld. Dei har fått med seg Todalskoret og Åsskard kyrkjekor, og byr på både korsong, allsong, legender og  eit lite krybbespel set førjulstida i fokus. Konserten startar kl 19.30.

001 Adventskonsert a FELLESKOR

Stangvik jentekor saman med Todalskoret og åsskard kyrkjekor

Sentralt står julesalmen «Fra himlen høyt» – som Marrtin Luther laga som krybbespel for familien. Den får ei enkel dramatisering på konserten. Vidare syng jentene og vaksenkoret både kvar for seg og saman. Nye juleviser og kjente hymner står på programmet – mest henta frå vår nye salmebok. Difor blir det også mykje allsong.  Randi Vetleseter Bøe er kveldens tekstlesar.

004 PLAKAT ADVENTSKONSERT Stv 2014 12 09

Først publisert: 8. desember 2014, 00:01 - Sist oppdatert: 7. desember 2014, 23:16