Netcom utan dekning
I ettermiddagstimane er Netcom utan dekning frå basen frå basestasjonen på Halset i Todalen. Det har dei siste dagane vore fleire utfall av kortare varigheit, men nå ser det ut til å ha meir permanent karakter.
Vi fann 9238 artiklar i dette arkivet.
I ettermiddagstimane er Netcom utan dekning frå basen frå basestasjonen på Halset i Todalen. Det har dei siste dagane vore fleire utfall av kortare varigheit, men nå ser det ut til å ha meir permanent karakter.
Sjakkgjengen startar på igjen søndag kveld (4.1) kl 19.30 på Matkroken. Har du lyst til å bli med på ein triveleg sjakkveld i Kaffekroken, og du treng slett ikkje være ekspert for å delta. Ta gjerne med brett og brikkar dersom du har, oppfordrar Trygve Halle som er «pressekontakt».
Den planlagte turen føstkommande søndag (4.1.) til Tjønnmyra blir flytta til Bæverfjord, melder kulturleiar Lilly Husby. Dette er ein rundtur i Bæverfjord som du kan gjennomføre ved å gå, sykle eller jogge. Du kan starte kvar som helst på runden, og du krysser elva Bøvra to gonger. Turen går hovudsakleg etter asfalt og god grusveg, og passeringa av hengebrua over Bøvra vil for mange vera høgdepunktet på turen. Runden går i flatt terreng, og er ein lett nystartartur på sykkel. Til fots tek turen ca 1- 1,5 time rask gange.
Redaksjonen har fått ei nyttårshilsing frå utflytta todaling Erik Arild Wulvik som vi naturligvis videreformidler til dere alle, og da spesielt nokre nevnte karer i helsinga.
Da står det berre att å takke dere alle som har vore med oss gjennom 2014. Dere er mange, det ser vi på statistikken vår. I skrivande stund har det vore 375.659 besøk på Todalen.no – meir enn tusen besøk kvar einaste dag – ein auke på 9,37%. Og enno er det over 8 timar […]
På årets siste dag er det høgtidsgudsteneste i Todalen kyrkje kl. 16:00 Takkoffer til Todalen Sanitetsforening. Velkomen til gudsteneste!
Svorka Aksess melder at fiberkabelen inn til Todalen er reparert og sett i drift rundt kl 21.30. Det var brot i fiberkabelen på strekninga Eidet-Polden som var årsak til at abbonnentane i Todalen mista breibandsleveransen i løpet av natta.
Måndag 29. desember er vi i morgontimane utan breiband frå Svorka Aksess. Kl 10.25 melder Svorka Aksess via SMS at det er brot på breibandsnettet inn til Todalen, og at dei no jobbar med feilsøking. Svorka lovar å koma med meir info så snart dei veit meir.
Julerevyen «Juledrønn» trekte rundt 150 tilhøyrarar på hovudførestillinga Ungdomshuset 3.-dagskvelden, og publikum fekk full valuta for pengane. Her var det «æksjen» frå start til mål, og publikum fikk skikkeleg forklaring på kvifor revyen hadde fått namnet «Romjulsdrønn». Årets gjesteartistar kom fra «Øverbygdrevyen» i Sagatun og «Bygdatrall», og dei skjemte slett ikkje laget!
Årets romjulsmarsj sette ny deltakarrekord – nærare 170 deltakarar var registrert, og tok runden rundt bygda på det fine føret. Litt kald var det, men folk var både godt kledd og godt skodd – så det var ingen som klaga om gradstokken kom ned mot -10 grader. Det er artig å være arrangør når ein får slik respons seier Jorunn Nordvik, som er leiar i TILs trimgruppe som var arrangør.
Det ligg godt tilrette for stor deltaking på årets romjulsmarsj, som startar i dag fra kl 12.00 og frm til kl 15. Trimgruppa har rusta seg med mykje varm gløgg, slik at deltakarane skal få noko å varme seg på runden rundt bygda.
Romjula er ikkje berre tid for familie og private juleselskap. Spesielt er 3. juledag ein aktiv dag, med både romjulsmarsj og julerevyen «Romjulsdrønn. 5. juledag er det open pub på Pakkhuset kro. Du kan starte på romjulsmarsjen mellom 12 og 15, med regisstrering og gløggservering på Sandstad og på Bruset. Bli med og få litt trim – det gjer så godt! Romjulsmarsjen har enkelte år samla over 150 deltakarar, og er eit triveleg tiltak som folk sett pris på. Der kan du treffe venner og kjente på turen rundt bygda.