Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Netcom utan dekning

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. januar 2015

I ettermiddagstimane er Netcom utan dekning frå basen frå basestasjonen på Halset i Todalen.  Det har dei siste dagane vore fleire utfall av kortare varigheit, men nå ser det ut til å ha meir permanent karakter.

Telenor mobil ser ut til å ha normal dekning, og det same for IP-telefoni via nettet til Svorka Aksess. Vi kjenner ikkje til kva som er feil eller når feilen blir retta.

Publisert: 3. januar 2015, 17:18