Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med på sjakk

Jon Olav Ørsal Fredag 2. januar 2015

Sjakkgjengen startar på igjen søndag kveld (4.1) kl 19.30 på Matkroken. Har du lyst til å bli med på ein triveleg sjakkveld i Kaffekroken, og du treng slett ikkje være ekspert for å delta. Ta gjerne med brett og brikkar dersom du har, oppfordrar Trygve Halle som er «pressekontakt».

Sjakkgjengen legg opp til aktivitetar annakvar søndagskveld i januar, så du kan peile deg inn på førstkomande søndag, søndag 18. januar og søndag 1. februar i første omgang. Alle er velkomne, både gammel og ung!

Publisert: 2. januar 2015, 18:20