Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Utan breiband i Todalen – feilretting pågår

Jon Olav Ørsal Måndag 29. desember 2014

Måndag 29. desember er vi i morgontimane utan breiband frå Svorka Aksess. Kl 10.25 melder Svorka Aksess via SMS at det er brot på breibandsnettet inn til Todalen, og at dei no jobbar med feilsøking.  Svorka lovar å koma med meir info etter kvart.

Vi brukar no ei reserveløysing,  med breibandsleveranse via NetComs 3G-nett. Det betyr ein betydeleg reduksjon i hastigheita, men vi kjem iallfall gjennom med meldinger. NetCom hadde også eit kort utfall i 10-tida.

Kl 13.15:  Svorka jobbar med å reparere skaden
Svorka Aksess bekreftar at det er brot i fiberkabelen og at brotet er lokalisert til ein stad mellom Eidet og Polden. Svorka Aksess har tilgang til brotpunktet, og dei har mannskap som er i gang med skjøtingsarbeidet. Dei reknar med at dette arbeidet tek eit par timar og trur at breibandforbindelsen til Todalen er på lufta igjen i løpet av ettermiddagen. SMS vil bli sendt til abbonnentar som er berørt av brotet i ettermiddag, opplyser Svorka Aksess.

Siste Kl 17.32: Framleis feil i fiberkabelen
Svorka melder at fiberkabelen er skjøtt saman, men har framleis problem. Svorka Aksess vil fortsette arbeidet med feilretting utover kvelden og håper feilen snart er retta.

Publisert: 29. desember 2014, 10:47