Senterpartiet held nominasjonsmøte
Surnadal Senterparti vil holde nominasjonsmøte på Kommunehuset mandag 19 januar kl. 20.00 . Dei ønsker alle medlemmer og listekandidater velkommen, melder styret.
Vi fann 9089 artiklar i dette arkivet.
Surnadal Senterparti vil holde nominasjonsmøte på Kommunehuset mandag 19 januar kl. 20.00 . Dei ønsker alle medlemmer og listekandidater velkommen, melder styret.
Laurdagens konsert med TrondheimSolistene og Herborg Kråkevik fylte kulturhuset med begeistra publikum. Nyttårskonsert med TrondheimSolistene har vore eit fast innslag i mange år, og det vart slett ikkje forringa av at Herborg Kråkevik var med – tvert i mot. Surnadalsjenta Kirsten Næss (17) fikk æra av å spele saman med orkesteret i opningsnummeret, og og kom seg godt ut av det.
Meteorologane har vore litt usikre på korleis ekstremværet ”Nina” treffer vestlandskysten, og derfor førebudd oss på eit «besøk» i Møre og Romsdal. No er dette avlyst, da det ser ut for at det varsla ekstremværet treffer vestlandskysten lenger sør, – frå Sogn og sørover.
I dag ble det lys i den nye lysløypa på Tjønnmyran for første gong. Den siste tida har det vore jobba med tilkopling av strøm, og i kveld vart det lys for aller første gong. No er det berre å spenne på skiene og ta ein prøvetur!
Etter ein velfortjent ferie startar dametrimmen på igjen torsdag kveld kl 20. Den foregår i gymsalen i todalen oppvektsenter, og vi gå kvar torsdagskveld framover vinteren og våren. Nye og gamle trimmarar er velkomne, melder Turid h. Sæther som er instruktør for dametrimmen.
FrPs Johs J. Vaag tykkjer det er liten aktivitet på museumsfronten for tida. Det gjeld både Surnadal bygdemusem og museet til Indre Nordmøre Forsvarsforening, som ligg like ved i gammelskulen på Eidet. I ei tid når pengar er mangelvare, er det lett at det går ut over aktivitetane i museumsmiljøet som blir salderingspost i budsjetta. Vi er egentleg enig med Vaag i at det er synd at det flotte anlegget på åsen skal stå unytta, og i eit innlegg han har sent til Todalen.no skriv Vaag:
Søndag kveld starta sjakkgjengen på igjen etter juleferien. Første kvelden vart det berre 3 lag som mønstra, men det vil vel etter kvart bli større aktivitet på sjakkveldane i kaffekroken på Matkroken. Det er vidare planlagt aktivitetar annakvar søndagskveld utover vinteren, så neste kveld blir søndag 18. januar, fortel pressetalsmann Trygve Halle. No er dei igang med planane for å arrangere ei intern sjakkturnering, som etter planane skal få ein storstila finale i påska som i år kjem i første veka i april.
I helga har det vore bra snøfall og bakkemannskapa har nytta tida til å preparere løypa i Surnadal Alpinsenter. Måndag opnar dei igjen heisanlegget og løypa for publikum, etter nokre dagars pause. Denne veka blir det ordinære opningstider 17.30 – 20.00 frå måndag til torsdag. Fredag er bakken stengt for privat arrangement, men laurdag og søndag blir opningstida 11.00 – 16.00
I ettermiddagstimane er Netcom utan dekning frå basen frå basestasjonen på Halset i Todalen. Det har dei siste dagane vore fleire utfall av kortare varigheit, men nå ser det ut til å ha meir permanent karakter.
Sjakkgjengen startar på igjen søndag kveld (4.1) kl 19.30 på Matkroken. Har du lyst til å bli med på ein triveleg sjakkveld i Kaffekroken, og du treng slett ikkje være ekspert for å delta. Ta gjerne med brett og brikkar dersom du har, oppfordrar Trygve Halle som er «pressekontakt».
Den planlagte turen føstkommande søndag (4.1.) til Tjønnmyra blir flytta til Bæverfjord, melder kulturleiar Lilly Husby. Dette er ein rundtur i Bæverfjord som du kan gjennomføre ved å gå, sykle eller jogge. Du kan starte kvar som helst på runden, og du krysser elva Bøvra to gonger. Turen går hovudsakleg etter asfalt og god grusveg, og passeringa av hengebrua over Bøvra vil for mange vera høgdepunktet på turen. Runden går i flatt terreng, og er ein lett nystartartur på sykkel. Til fots tek turen ca 1- 1,5 time rask gange.
Redaksjonen har fått ei nyttårshilsing frå utflytta todaling Erik Arild Wulvik som vi naturligvis videreformidler til dere alle, og da spesielt nokre nevnte karer i helsinga.