Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullt hus på onsdagstreff

Jon Olav Ørsal Torsdag 9. april 2015

I dag var det Eistein Bæverfjord og Olina Halle som var aktørar på onsdagstreffet i Surnadal kulturhus. Kammerset var fullsett av interesserte og fornøgde tilhøyrarar! Bæverfjord viste klipp frå filmen han lagar om krigsminne frå Surnadal. Bæverfjord er komen langt i innsamlingsarbeidet, men Stangvika og Røgrenda er enno ikkje besøkt. Klippa han viste var interessante, så det er berre å gle seg stort til det blir filmpremiere i september! Bæverfjord opna for innspel frå salen, og han fekk ein del gode tips han kan ta med seg i det vidare arbeidet.

Bæverfjord

Eistein Bæverfjord viste både filmklipp og intervjua Olina Halle.

Olina hadde mykje interessant å fortelje. Foto: Dordi Jorunn Halle

Etterpå intervjua han Olina Halle. Ho fortalde om minne frå krigen, mellom anna om ulovleg dansing og laging av potetmjøl. Vidare fortalde ho om livet som turistvertinne på Kårvatn, det kunne vere travelt da dei på det meste hadde 75 gjester til overnatting og forpleining. Heldigvis hadde ho god hjelp! Stor stas var det da kronprinsesse Sonja med følgje tok inn på Kårvatn i 1982, og Olina fekk helse på dronninga og kongen under kongebesøket i kommunen i fjor vår – det sette ho stor pris på.

Olav Jostein Holten er programansvarleg for onsdagstreffa. Foto: Dordi Jorunn Halle

Det er kulturhuset som arrangerer treff for eldre og andre interesserte den første onsdagen i kvar månad. Olav Jostein Holten er representant frå Eldrerådet i programrådet ved Kulturhuset, og det var han som hadde ideen til treff for eldre da han syntest det var få tilbod for denne aldersgruppa. Spesielt meiner han det er viktig at treffa er på dagtid. Kvar gong er det eit tema eller underhaldning, og etterpå er det sett av tid til kaffe og ein god prat. Etter jul har mellom anna historia til Surnadal Billag og dampen vore tema, og kva underhaldninga blir onsdag 6.mai er enno litt usikkert, fortel Olav Jostein Holten.

 

Publisert: 9. april 2015, 10:00