Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Song for eit begeistra publikum…

Jon Olav Ørsal Måndag 13. april 2015

VOK – eller Sunndal kulturskoles vokalensemble – starta der dei slutta sist dei var i Todalen på konsertturné i 2013. Første post på programmet var «Voggevise» som er ein folketone, arrangert av Øystein Årva. Det var ein klårstemt gjeng som inviterte til konsert  i Todalen kyrkje søndag kveld, med sin dirigent og korleiar Lone Eines. Og publikum tok vel i mot dei, sjølv om dei ikkje var så mange – med stort og smått var det eit trettital som hadde benka seg i kyrkja for å nyte korsongen.

VOK_Sunndal_6735

VOK i Todalen kyrkje. Frå venstre Reidar Bjørn Halvorsen, Ole Andre Saur, Bjørn Hovde, Egil Vidar Veddeng, Øystein Bauger, Solgun Rødset Veddeng, Heidi Engesvik Gjerde, Siri Nordbotten Svinsås, Turid Synnøve Aas og korleiar og dirigent Lone Eines. Foto:Driva/Jon Olav Ørsal

Og VOK hadde mykje å by på denne kvelden, og rakk heile 15 nummer i løpet av den store timen dei var i aksjon.  Kombinerte både diktlesing og song på ein fortreffeleg måte, og hadde  litt for ein kvar smak – med både kjente og meir ukjente tekstforfattarar og komponistar.  Underteikna sette stor pris på dei tre Lennon/McCartney-numra «Blackbird», «In my life» og ikkje minst framføringa av «Yesterday». Gjennom konserten bytte kormedlemane på å være solistar, og publikum var  rause med applausen, – det var tydeleg at dei lika det dei høyrte og såg. Heilt til slutt runda VOK av konserten med  «Fola, fola Blakken» .

Programmet som VOK framførte i Todalen kyrkje:

  1. Voggevise
  2. April in my mistress» face
  3. Weep oh mine eyes
  4. Ave Maria
  5. Kyrie Eleison
  6. Å, skjønnest rose
  7. Blackbird
  8. In my life
  9. Yesterday
  10. Don’t worry, be happy
  11. Ett liv för mig
  12. I sing, you sing
  13. The world for Christmas
  14. Blå salme
  15. Fola, fola Blakken

Kormedlemane bytte på å være solistar gjennom konserten.  Foto Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 13. april 2015, 06:00