Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Furukjempene i Trollheimen

Dordi Jorunn Halle Tysdag 7. april 2015

Temaet for dagens møte i Senioruniversitetet for Indre Nordmøre var «Furukjempene i Trollheimen». Fotograf Morten Gåsvand viste flotte bilete og fortalde om leitinga etter dei store og monumentale furuene i Trollheimen. Han tok oss med på ei reise inn i urskog og naturskog der furukjempene veks, og der du finn furuer som ser ut som troll, skulpturar som viser omsorg, furuer med «lamper» i toppen og andre som lagar tette holer der du kan søke ly i styggver. Innimellom las sambuaren Randi Haugland stemningsfulle dikt og tekster til bileta.

Bilete 2 b

Morten Gåsvand synte bilete og kåserte, og sambuaren Randi Haugland las dikt. foto: Dordi Jorunn Halle

Morten Gåsvand har alltid interessert seg for natur, og store furuer har vore ein fasinasjon. Og når det er tal om toller, blir det fort spørsmål om kor den største furua finst. Mange furuer har opp gjennom åra vore kåra til Norges største. Morten Gåsvand bestemte seg defor for å leite opp den største furua. Han oppsummerer leitinga slik: «Det dogga, det e langt å e frys!»  Han brukte tre år, og det vart til ei flott bok som veg tre kilo og er på 333 sider!

Det er ikkje lett å måle ei furu, så for å få til nøyaktige målingar, måtte målingane foregå oppe i treet. Dermed fekk han med seg klatreinstruktør Lars Inge Harang til å hjelpe seg. Både stamme og greiner vart målte, og matematikar Sigbjørn Koksæter hjelpte til å rekne ut kubikkinnhaldet av tollene. Under klatringa oppe i tollene brukte Lars Inge Harang gummisko for ikkje å øydelegge borken, visne greiner og kvister. Når dei klatra oppe i furukjempene, vart karane små og følte seg som «Teskeikjerringa».

Bilete 3 b

Klatrar Lars Inge Harang fortel om jobben som «treklatrar». Foto: Dordi Jorunn Halle

Bilete 4b

Menneska blir små oppi store toller – «Teskeikjerringar». Foto: Morten Gåsvand

Den største furua dei har registrert, er «Bjønnafurua» i Druggudalen i Meldal. Ho er 15,70 meter høg, og kubikkinnhaldet med greiner er 14,23 m3 – Norges største furu! Men mange tvilar nok på at dette verkeleg er største tolla i landet. Dei tek kontakt med Gåsvand for at han skal kome å ta mål av nye furuer som kan vere større. Sist var han på Osmarka, både han og Lars Inge Harang vart litt skremde da dei fekk sjå furua der – ho var frykteleg stor! Men heldigvis var ho ellipseforma – da vart det ikkje så mange kubikk! No må dei snart ta turen til Røros – der er det også meldt om ei kjempestor tolle! Kan hende det må bli ei ny bok?

Boka «Furukjempene i Trollheimen» sel godt, først opplag er alt utseld, og andre opplag er alt i salg. Morten Gåsvand gjev ut boka på eige forlag og bruker eit norsk kvalitetstrykkeri frå Flisa.

Fotografen Morten Gåsvand nærmar seg motiva sine med respekt, han skriv: «Jeg fotograferer på samme måte i naturen, som i travle bygater. Jeg er flua på veggen, myggen på barken, den usynlige betrakteren, som kjenner på stemninger og øyeblikk jeg vil formidle.»

Bilete 5 b

Klatreutstyret til Lars Inge Harang, legg spesielt merke til skorne som er av gummi for ikkje å øydelegge trea. Foto: Dordi Jorunn Halle

Bilete 6 b

Her er det oversikt over dei største furuen i Surnadal kommune.

Bilete 7b

Denne furua har fått ringar: Tretåspetten hakkar små hol i borken rundt heile stammen, han slikkar i seg saft og sevje med den lange tunga si. Ringane blir tjukkare di fleire gonger spettane besøker furua. Foto: Morten Gåsvand

IMG_4229

..og til slutt ein interessert lesar som har kjøpt «furuboka». Hans Gundersen får Morten Gåsvand til å signere. Foto: Dordi Jorunn Halle

Publisert: 7. april 2015, 21:49