Innhaldsrik leirskule på Bjørnsund
I veka som gikk var elevane i 7. klasse i Surnadal kommune på tradisjonelt leirskuleopphald på Bjørnsund. Det var ei stor oppleving for elevane og det var både mykje å lære og mykje å prøve. Frå Britt Mossing ved Todalen skule, som var ein av lærarane som deltok i opplegget, har vi fått mange fine bilder og litt informasjon om opphaldet på Bjørnsund.