Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

I natt startar laksefisket

Jon Olav Ørsal Sundag 14. juni 2015

Natt til måndag, kl 00.00, startar laksefisket i Toåa. Ny sesong gir nye mulegheiter, og søndag kveld viser målestasjonen ved storfossen 14 m3/sek som er bra vassføring for laksefiske, melder Ola Bruset i Todalen elveeigarlag.

Etter ein laber fjorårssesong, der vassføringa var på eit minimum, er det i år ein god del snø att i fjella og vårløysinga er på langt nær ferdig. Det borgar for fine forhold også i fortsettinga, samtidig som det er meldt nedbør i langtidspronosane frå yr.no.

Todalshytta startar også på ny sesong måndag 15. juni, og Eric Malling som er vert på Todalshytta fortel at det er venta fleire laksefiskarar til Todalshytta dei næraste dagane.

Elles kan du lese meir om laksefisket i Toåa på nettsiden www.todalslaks .no

Publisert: 14. juni 2015, 19:53