Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seniorar på MøreTre-visitt

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. juni 2015

Senioruniversitetet har ei årleg utflukt på bedriftsbesøk – denne gongen gikk turen til MøreTres anlegg på Syltøran, med informasjon om bedrifta, produksjonen og litt om historia attafor. Eit trettitals ”seniorar” deltok i utflukta til Møretre, og det var interesserte og lydhøre tilhøyrarar.

IngebrigtGrimsmo_8887

Ingebrigt I. Grimsmo hadde mykje interessant å fortelje om både gamal og ny historie frå aktivitetane på Syltøran. Foto: Jon Olav Ørsal

Bedrifta MøreTre er i dag ein del av Talgø-konsernet, som overtok anlegget i 1997. Men bedrifta har ei lang historie, som kan rekkjast heilt attover til slutten på 1800-talet og Grimsmo-familiens engasjement i Rena Bruk. Ingebrigt I. Grimsmo, som har hatt lang fartstid i ”gamle” MøreTre, hadde mykje å fortelje om historia attafor – både Surnadal Emballasjefabrikk, Nordmøre Impregnering og til sist etableringa av MøreTre. Det var veldig interessant å høre historia til Grimsmo, og kvifor ting vart som det vart – og korleis den økonomiske situasjonen i samfunnet og i MøreTre påverka denne utviklinga. Grimsmo fortalte at todalingen Knut Redalen, som var mangeårig styreleiar i MøreTre, spela den gongen ei avgjerande rolle i arbeidet med å etablere MøreTre og etter kvart starten MøreRoyal-epoken.

I 1997 kom Talgø på banen. Terje Talgø fortalte om satsinga på Syltøran.  Foto: Jon Olav Ørsal

Terje Talgø fortsette med historia frå Talgø kom på banen i 1997, etter konkursen i MøreTre. Den gongen besto MøreTre av 3 byggvarebutikkar i tillegg til sagbruket. Butikkane var skilt ut i eige selskap, og er i dag 3 moderne byggvarebutikkar i Byggmakkerkjeda. Det 40 år gamle sagverket er i dag umoderne og er berre i drift i deler av året. Dagens krav til volumproduksjon gjer det uaktuelt å satse på ny sagbruksteknologi. I dag er det MøreRoyal-produksjon og OutLiving-kolleksjonen som er hovudsatsinga, der store deler av trelasten kjøpast frå andre stor sagbruk – mest i Midt-Sverige. Talgø valte å satse på MøreRoyal-produkta og i dag er det terrasser, tretak og kledning som har hovud fokus og som har bringa omsetninga frå eit 40-tals millionar på slutten av 90-talet til over 200 mill. i inneverande driftsår. I same periode er talet på tilsette auka frå 38 til rundt 70 i dag.

Brusethaug_oterholm_8897

Dagleg leiar i Møretre, Hallvard Brusethaug, hadde eit lydhørt publikum. her saman med Einar Oterholm i Senioruniveritetet. Foto: Jon Olav Ørsal

Dagleg leiar Hallvard orienterte om investeringane den siste tida og drifta i dag. Det er dei siste åra investerte rundt 70 mill. , der utviding av tomta, asfaltert lasteplass på 12.000 m2 og nytt produksjonsanlegg for MøreRoyal. Det nye royal-anlegget som kom i 2013 utgjorde åleine rundt 40 mill. , og er det einaste heilautomatiske impregneringsanlegget i heile verda, med ein kapasitet på knappe 1000m3 i veka. – Betydeleg satsing er også gjort på elementproduksjon. Denne produksjonen går i dag føre seg i lokala til Trollheim Industri på nabotomta, der element til landbruksbygg og hytter er i vekst, – i tillegg til støyskjermar til store veganlegg.

Den sterke veksten på MøreTre har vore krevjande fortalte Hallvard som ga honnør til dei tilsette for stor ståpåvilje og engasjement i denne utviklings prosessen som bedrifta har vore i gjennom.

GammeltRoyalanlegg_8914

Omvisning på anlegget – her er det Roar Nordvik som viser det gamle royalanlegget til ei av gruppene. Foto: Jon Olav Ørsal

Etterpå var det omvisning rundt omkring på anlegget, der deltakarane mellom anna fekk høvleriet, royalanlegget, sagbruket og til sist fyranlegget som forsyner både MøreTre, Byggmakker og Hageland med billig bioenergi til oppvarming.

HallvardB_fyranlegg_8905

Fyranlegget forsyner både MøreTre, Byggmakker og Hageland med billig biovarme, fortalte Hallvard Brusethaug. Foto: Jon Olav Ørsal

SteinTodalshaug_8925

Stein Todalshaug følgjer heile prosessen i det nye royalanlegget på skjermen. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. juni 2015, 10:46