Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Første laksen på land

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juni 2015

Årets første laks i Toåa er komen på land. Det skjedde på Ramsøyvaldet, og var ein fin villaks på vel 3 kg. Først ute var Thor Lerstang, som er veteran med 43 års fartstid i Toåa. Det er nemleg ikkje første gongen han står for sesongpremieren i Toåa. Lerstang bur på Todalshytta og vi fikk ein rask prat med han i peisestua, før han skulle fortsette fisket.

Godt å kome inn til peisvarmen på Todalshytta før neste økt i elva. Gode historier høyrer sjølvsagt med i slike samanhengar. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er fine forhold for fiske i elva, men han tykte det var godt å kome inn i peisvarmen på Todalshytta, der han slappa av etter middagen saman med Johan Nygaard frå Halsa som også har tilhald på Todalshytta på førsterunde i elva. Lerstang skal fiske i Toåa fram til torsdag, så vi blir ikkje forbausa om han dukker opp på nettsida med laks i løpet av veka. 3-kiloslaksen var alt komen på plass i frysaren på Todalshytta da vi var innom.

Siste:

Vi har ikkje før lagt ut info om den første laksen, før den neste fangstmeldinga kjem!  Rune Holtberget, som også er veteran i Toåa, har fått ein 4,5 kg laks velberga på land. Det er også villaks som ikkje er feittfinnekløpt – teken i Fosstrøin på markagn. Laksen hadde fleire lus på seg, og var nok nygått oppover elva, seier Holtberget.  Han hadde forresten enno ein laks på kroken, men så rauk sena! – Holtberget gliser når han fortel at han alltid bruker å anbefale andre å lage ny seneknute når han har fått på land laks, men glømte dette sjølv i farten….

Laks_RuneHoltberget_9188

Rune Holtberget med laksen på 4,5 kg som målet 72-73 cm på «strømpelesten». Foto: Jon Olav Ørsal

Elles har vi etter kvart fått rapport om at det er fleire som har hatt føling med laks i løpet av dagen – uten at å fått laks på land.

 

Publisert: 15. juni 2015, 21:17