Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for ny laksefestival!

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. juni 2015

Torsdag ettermiddag trør Norsk laksefestival til med ny laksefestival – eit omfattande arrangement som går over 4 dagar. Først ute er tivoli på Skei og fisking for borna ved Glønavatnet på Nordmarka. – Sidan går det slag i slag til avslutningsshowet på hovudscena på Skei, søndag kl 21.

Og jammen har dei mykje å by på gjennom desse 4 dagane. Fredag kl 12.00 opnar marknadsgata, som går frå plassen på Skei og meir eller mindre gjennom heile miljøgata nedover mot Amfisentret. Åpningsshowet skjer på hovudscena på Skei kl 18.30, og alt fredag kveld kl 19 startar fiskekonkurransen som går fram til kl 01, natt til laurdag. Fredagskvelden er det også utekonsertar lokale krefter – Bandet «Døgnflue» og «Surnadals hyllest til Bruce Springsteen, og startar kl 21 på hovudscena.

Lokale krefter - bandet "Døgnflue".  Foto: Norsk Laksefestival

Det lokale bandet, Døgnflue, skal spille hele tre konserter under Norsk Laksefestival 2015! Foto: Norsk Laksefestival

Laurdagen er minst like variert: Martnadsgate frå kl 10, startar samtidig som Markatråkket som går frå Skei, over Nordmarka og attende til Skei. Vidare utover dagen er det Energikampen, helikopterflyging talentkonkurranse, sjakkturnering før laksekonge – eller dronning, kan kårast kl 15.00.  Og så er det klart for utekonsert igjen kl 21, med rednex, Døgnflue og DDE. Berre så det er nemnt så er aldersgrensa for utekonsertane konfirmasjonsalder.

andeløp1

Siste dagen er det på’n igjen med sjakkturnering, helikopterflyging og marknadsgate frå kl 10. Hovudposten på søndag er nok det store andeløpet som skjer i elva Surna – med såpass stor vassføring blir nok eit spennande andeløp i år!

Nedafor har vi lagt ut heile programmet for årets laksefestival, men du finn sjølvsagt meir informasjon på heimesida til Norsk Laksefestival 2015

Program for 2015

Publisert: 17. juni 2015, 18:21