Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Intimt aften i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. juni 2015

Onsdag kveld kunne Skulstuå by på trekkspellkonsert med dei tre entertainarane Jon Bjarne Husby, Odd Arne Halaas og Konrad Nerland. Dei opptredde både kvar for seg og saman, og det vart ein triveleg musikalsk aften, ispedd både allsong og mange gode historier. Eit trettitals publikum fylte Skulstuå og deltok aktivt i allsongen.

DSC_8944

Jon Bjarne Husby med trekkspellet. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Jon Bjarne Husby starta underhaldninga i god gammal stil, før Nerland og Halaas etter kvart slapp til. Den lengste sekvensen hadde Halaas med både dikt, song og musikk der førstereisguten var gjennomgangstema krydra med historier frå den gongen Norge var ein sjøfartsnasjon og det framleis fantes førstereisgutar. Han bydde på tekster frå både Jacob Sande, gamle Engdal og Stordal «travarar» og naturleg vis Uteseglarvalsen. Halaas er ein dyktig songar, og det var artig å høre att slike som «Kom til onkel» der Erik Bye var tekstforfattar og «Gensern til Johansen» som er tekst etter Reidar Anthonsen.

OddArneHalaas_8951

Odd Arne Halaas – dyktig både med trekkspell og song. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Etter kaffepausen fortsette førestillinga med «ønskekonsert» med hovudvekt på valsar – «Sommarvals», «Fjällbruden» og andre i tur og orden og fortsette med fellesnummer frå trioen, der både Kveld i Trollheimen, «Livet i Finnskogarna»,  «Drømmen om Elin» og siste ut var «Trønderbrua» – før kvelden omsider vart avslutta med Bjarne Slapgards «Nordmørssongen» som allsong.

FredrikSjøflott_8965

Fredrik Sjøflot hengte seg på med blokkføyta. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Kveldsens meir anonyme gjesteartist var Fredrik Sjøflot – han hadde med seg blokkfløyta og «hengte seg på» fleire av melodiane som vart spela. Fredrik er «nyslått» Kleivapris-vinnar og hadde ingen problem med å følgje trekkspellgjengen på blokkfløyta.

Publikum_8952

Kaffeservering og lotteri i pausen. Foto: Driva/Jon Olav Ørsa

leivdal_Nerland_8955

Nils Tore Leivdal, som var med som «manager» måtte til pers som solist – her saman med Konrad Nerland på trekkspell. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 11. juni 2015, 05:00