Nils Olav Talgøy – aktuell med fotoutstilling
Frå 2. mai og ut juni er naturfotografen Nils Olav Talgøy aktuell med utstilling på Tingvoll. Nils Olav var på 80-og 90-talet eit kjent trekk i bybildet i Todalen, både med si verksemd som treskjærar og finsnekkar på Nessakaia og som naturfotograf med sitt kamera i Todalsnaturen. Nils Olav er frå Meisingset, sjølv om han har Talgøynamnet og sine aner frå Todalen. I dag bur han med familien på Meisingset, og er no aktuell med fotoutstilling i samband med Kulturvekkå på Tingvoll.