Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No bit laksen i Toåa – oppdatert

Jon Olav Ørsal Laurdag 4. juli 2015

Brumunddølen Lars Arild Moumb starta med bilen frå Brumunddal i midnattsleitet, og var på plass i Toåa i 6-tida laurdag morgon. I 9-tida hadde han første laksen på land i Raudåhølen – ein 4,8 kgs rugg var sjanselaus mot brumunddølen. Men da hadde han alt mista ein litt mindre laks.

Vi trefte Lars Arild ved Matkroken – ein liten kaffepause måtte til, samtidig som laksen måtte på vekta og litt klargjering for nedfrysing. Lars trives godt i Todalen og i Toåa – det er eit spesielt miljø i Todalen, og no har eg kjøpt sesongkort, og blir nok mykje her i bygda utover sumaren.

I går kveld kom også den første fangstrapporten frå Bjørn Anthony. Han hadde landa ein 3 kgs laks i løpet av gårdagen, og det blir nok kanskje fleire i løpet av helga. I skrivande stund er vassføringa rundt 25 m3/sek ved målestasjonen ved Storfossen.

Moumb_04081

5,3 kg viste vekta for laksen som vart teken søndag morgon. Foto:L.A. Moumb

Siste: For Lars Arild fortsett fiskelykka – søndag føremiddag var det nok ein fangst.  Denne gongen var det i Skjorahølen fangsten vart gjort, og denne gongen var det ein 5,3 kgs laks som vart frista av flua.  Moumb tok laksen på ei lita flue av typen Sunrise Shadow.  I tillegg vart det ein liten «pinne» på 1,5 kg som bonusfangst på tampen av laurdagen.

 

Først publisert: 4. juli 2015, 12:04 - Sist oppdatert: 5. juli 2015, 11:16