Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullklaff i Smidammen

Jon Olav Ørsal Sundag 5. juli 2015

Søndag føremiddag fekk eit par frå Tyskland fin laksefangst i Smidammen i Brusetneset. Mannen fekk laksen på kroken ved terskelen på Smidammen, og etter noko arming fekk frua sikra laksen i håven oppe ved Endavadhølen.

Her er laksen komen i håven og blir berga på land. Foto: Kristen Bruset

Fisken var ein villaks som målte 80 cm lengde, og vekta var nok rundt 5 kg. Laksen var eit fint eksemplar utan lus og skader. Paret var godt fornøgde med fangsten og kunne fortelje at dette var første fisken dei hadde fått i Toåa i år. Dei to bur i Freiburg i Tyskland, og er begge ivrige laksefiskarar. Dei har fiska laks i Norge kvart år sia 1996, og antydar at dei legg ferieturen til Norge og Toåa også neste år.

 

 

Publisert: 5. juli 2015, 11:54