Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ragnar takka av etter 30 år på butikken

Jon Olav Ørsal Tysdag 30. juni 2015

Tysdag ettermiddag runda Ragnar av sin yrkeskarriere, og vart heilttids pensjonist.  Sidan 1985 har L. Hals vore arbeidsplassen for Ragnar, berre nokre månader etter at butikken på Kvennset vart teken i bruk.  – No skal det bli betre tid til alt som eg ikkje har fått tid til tidlegare, og så vil eg bruke meir tid til å sjå meg rundt og dra på turar – både korte og lange seier den nybaka pensjonisten.

Overlevering av nøkkel og anna utstyr høyrer med på slike dagar. Foto: Jon Olav Ørsal

Men vi fryktar ikkje for at det skal bli kjedeleg for Ragnar, for han har eit stort politisk engasjement og er medlem både i kommunestyret, formannskapet og leiar for teknisk. Han står på SP-lista for neste periode også, så politikken vil han nok bruke mykje tid på dei neste 4 åra også. Jakt er også ein av dei store interessene som nok vil engasjere Ragnar i pensjonisttilværet.

RagnarH_ØysteinF_TerjeN_0083

Siste vareleveransen – Ragnar saman med Øystein Fiskvik frå ICA og Terje Nordvik.

Siste dag på jobben vart nok ein travel dag med både vareleverase frå ICA, og mange kaffelag med leverandørar og andre som har vore innom butikken i løpet av dagen. Vi i Todalen.no stiller oss også i rekkja av gratulantar, og ønsker Ragnar ei lang og god tid som pensjonist.

RagnarH_Kake_6292_EB

Maripankake med klart budskap frå kolleger på butikken. Foto: Elinor Bolme

Publisert: 30. juni 2015, 17:35