Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Er laksen på tur inn?

Jon Olav Ørsal Sundag 28. juni 2015

Laksen har ikkje akkurat stått i kø dei første dagane av årets sesong. Men no løsnar det kanskje, for Sven Sandodden tok i allfall ein fin og lusfri laks i hølen Hagan laurdag. Han frista laksen med flue, og dermed satt den på – og kom på land.

Sven er ikkje akkurat nokon nybegynnar i laksefisket – med sommarferie hos bestemor og bestefar på Hjellen har han nok lang fartstid i Toåa. Det går også rykter om at det er teke eit par laksar i 7-kilosklassen den siste veka, men dei har vi ikke fått fangstrapport på enno.

Det er no fin vassføring for fiske i Toåa, og i skrivande stund på søndag føremiddage er vassføring ved målestasjonen ved Storfossen på rundt 15 m/sek, men vil nok stige litt utover ettermiddagen.  Vi reknar med at vasstemperaturen også blir bra, med moderat snøsmelting.

 

Publisert: 28. juni 2015, 10:12