Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Topp kveldskonsert på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 28. juni 2015

Konserten med Asle Beck og Yngve Kristiansen vart på mange vis ei flott og verdig avslutning på Todalsdagen 2015. Etter ein dag med stor aktivitet på Bordholmen, – sol frå blå himmel og massevis med folk som kosa seg i sommardagen, var det godt å sette seg ned og slappe av framfor scena på Todalshytta.  Her kunne du nyte musikken og visesongen – og solnedgangen langt ute i Todalsfjorden.

YngveKristiansen_0050

Yngve Kristiansen spela på mange strengar denne kvelden. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

For konserten med Asle Beck og Yngve Kristiansen vart ei stor konsertoppleving,  og med forsterkning frå Gunnar Westlie og Johanna Demker vart det heilt topp kulturkveld på bakkan framfor Todalshytta. Heilt i starten tok Yngve Kristiansen oss med på eit par Rotmo-viser, «Auksjonsvise» og «Herberget», men vidare var han innom mange sjangere før han slepte til radarparet Asle Beck og Gunnar Westlie, og etter kvart vart det ein trio når Johanna Decker kom med.  Mellom anna framførte dei låta «Alt er nå» som Asle Beck skrev saman med Jeff Wasserman da dei deltok i låtskrivarseminar på Todalshytta tidlegare i sommar.  Johanna Demker framførte også låta «Ändå här » frå singelen ho slepte nyleg.

Konserten gikk heilt inn i solnedgangen – 3 timar med topp underhaldning som vi seint vil gløyme. Det kunne vore fleire publikum enn dei 60-70 som møtte fram, men jammen fikk vi som var der full utteljing.

Eric Malling – vert på todalshytta – introduserer Yngve Kristiansen. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

AsleB_YngveK_JohannaD_0056

Asle Beck, Gunnar Westlie og Johanna Demker på scena framfor Todalshytta. foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 28. juni 2015, 09:29