Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9100 artiklar i dette arkivet.


Siloslåtten er i gang

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. juni 2015

Det er nok mange som harc venta på betre vêr og litt sommarvarme dei siste vekene. Med einsifra gradtal og regnbyger har både blomster og gras på det næraste stått stille. Litt forsinka er no siloslåtten så smått komen i gang, og tysdag kunne vi knipse eit par bilder av traktor og slåmaskin på ekrene […]


Første laksen på land

Jon Olav Ørsal Måndag 15. juni 2015

Årets første laks i Toåa er komen på land. Det skjedde på Ramsøyvaldet, og var ein fin villaks på vel 3 kg. Først ute var Thor Lerstang, som er veteran med 43 års fartstid i Toåa. Det er nemleg ikkje første gongen han står for sesongpremieren i Toåa. Lerstang bur på Todalshytta og vi fikk ein rask prat med han i peisestua, før han skulle fortsette fisket


I natt startar laksefisket

Jon Olav Ørsal Sundag 14. juni 2015

Natt til måndag, kl 00.00, startar laksefisket i Toåa. Ny sesong gir nye mulegheiter, og søndag kveld viser målestasjonen ved storfossen 14 m3/sek som er bra vassføring for laksefiske, melder Ola Bruset i Todalen elveeigarlag.


Stavgangtur til Haltbakken og Nordvik.

Vidar Sogge Sundag 14. juni 2015

Torsdag 11. juni møttest Stavganggruppa nedanfor Sjølèet og gjekk derifrå til Haltbakken. Vêret er ikkje det beste, grått og litt småregn, men det betrar seg utover dagen.


Gjorde seg kjent i nærområdet

Jon Olav Ørsal Fredag 12. juni 2015

10. klassetrinn ved ungdomsskulen i Surnadal har denne veka bruka eit par dagar til å gjera seg kjent i nærområdet. Torsdag trefte vi halvparten av elevane på Gammelfabrikken i Todalen, der dei hadde fått omvisning både ute i parkanlegget og inne i utstillingslokala til Talgø. Denne dagen stod også Vangsgutane og ein tur innom Husby, før turen gikk vidare til gammelvegen i Svinvikkleiva.


Seniorar på MøreTre-visitt

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. juni 2015

Senioruniversitetet har ei årleg utflukt på bedriftsbesøk – denne gongen gikk turen til MøreTres anlegg på Syltøran, med informasjon om bedrifta, produksjonen og litt om historia attafor. Eit trettitals ”seniorar” deltok i utflukta til Møretre, og det var interesserte og lydhøre tilhøyrarar.


Intimt aften i Skulstuå

Jon Olav Ørsal Torsdag 11. juni 2015

Onsdag kveld kunne Skulstuå by på trekkspellkonsert med dei tre entertainarane Jon Bjarne Husby, Odd Arne Halaas og Konrad Nerland. Dei opptredde både kvar for seg og saman, og det vart ein triveleg musikalsk aften, ispedd både allsong og mange gode historier. Eit trettitals publikum fylte Skulstuå og deltok aktivt i allsongen.


Laurdag: Kulturvandring til Årnes

Marit Haugen Onsdag 10. juni 2015

Stangvik Historielag, i samarbeid med Turstigruppa på Årnes, skal arrangere «kulturvandring» uti Årnesliene laurdag den 13. juni – med oppmøte/parkering ved «Årnes-gardane» kl. 11.00. Det er nedlagt eit stort arbeid med rydding og merking av gamle stiar uti Årnesliene, og det er oppsett på hundretals med skilt som viser namn på plassar i utmarka frå gamalt av. Turen i år vil fortsette frå der vi på grunn av tidsnød måtte avslutte i fjor, bl a vil den gå om «Trøinn» – eller «Musters-husa» som dei helst blir kalla.


Innbyggjarundersøking – ta telefonen!

Jon Olav Ørsal Måndag 8. juni 2015

Denne veka startar innbyggjarundersøkinga i samband med kommunereforma. Det er mange som får telefon der du får spørsmål om kommunereforma og har høve til å seie di meining om kva syn du har. Ta derfor telefonen, dersom den kjem!


Ventetida snart slutt!

Jon Olav Ørsal Måndag 8. juni 2015

I dag er det ei veke att til laksefisket startar i Toåa. Det er knytta stor spenning til årets sesong, etter fjorårets sesong på det næraste var ein katastrofe for laks- og sjøaurefiske både i Toåa og dei fleste andre elvane i heile Midt-Norge. Men litt optimisme rår likevel…


Jubilerte med fullsett storsal

Jon Olav Ørsal Sundag 7. juni 2015

Einy Rendal Elgsæther ønska fullsett sal i Todalen ungdomshus velkomen til 170-årsjubileum. – Vi hadde så lys til å feire dette skikkeleg og har invitert gjestar frå både fjern og nær for å feire saman med oss.


Kjøp lodd, da vel!

Jon Olav Ørsal Laurdag 6. juni 2015

Dei to blide damene satt på butikken for Superlotteriet til Todalen idrettslag – det tradisjonelle lotteriet som har trekning under Todalsdagen. Loddselgarjobben skal gå på omgang fram til Todalsdagen som arrangeres 27. juni – altså om 3 veker.