Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Konsert – på tampen av sesongen….

Jon Olav Ørsal Måndag 31. august 2015

Heilt på tampen av sesongen blir det ny konsert på Todalshytta, som diskar opp med Noora Noor, Dr. bekken og Richard Gjems. Det skjer søndag 6  september kl 16, og det blir årets siste konsert frå utescena på Todalshytta, fortel Eric Malling. Det blir litt av ei oppsetning, og dei tre kjem innom på sin miniturne som startar på Hell laurdag 5. september, og som sluttar av på Kongsvinger og i Oslo helga etterpå.

Dokter Bekken

Dr. Bekken (piano) og Richard Gjems (munnspel) kjem til todalen saman med Noora Noor 6. september. Foto: Todalshytta

Dei tre utgjer ein sterk trio, med Noora Noor, vokal, Dr. Bekken på piano og Richard Gjems på munnspel – dette er det berre å ge seg på.  Dette blir nærast som ein bonuskonsert på todalshytta program for i år. Dei tre spelar saman fordi Noora lenge har hatt eit ønske om å arranger konsert saman med dei to musikarane, og Noora har også delteke på siste plata til Dr. Bekken.

Todalshytta byr på bacalao før konserten søndag 6. september. Dei opnar dørene kl 15, og som sagt er det konsertstart kl 16.00.  Det måtte bli ettermiddagskonsert, etter som musikarane skal rekke eit fly til Oslo utpå kvelden.  Etterkvart blir det billettar å få kjøpe på Matkroken Todalen, dette vil vi informere meir om seinare.

DSC_1791

Eric Malling og Ulv hadde flytta utensdørs med kontorarbeidet i det fine sommarvêret. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalshytta avsluttar den ordinære sesongen ved utgangen av august, og den første veka på september er det kun ope på bestilling, fortel Malling, som seier at det i år har vore færre fjellvandrarar, men fleire fiskarar enn i fjorårssesongen.  Men musikalsk har det vore ein stor suksess, både «Raus 2015» på gammelfabrikken og utekonsertane på Todalshytta.  Malling takkar publikum som har respondert skikkeleg på dette tilbudet, og har fått mange positive tilbakmeldingar både frå publikum og frå artistane som har delteke.

Først publisert: 31. august 2015, 18:27 - Sist oppdatert: 2. september 2015, 21:55