Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Korleis var sommaren 2015, egentleg?

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. september 2015

Alle klagar på den elendige sommaren – i år har det regna heile sommaren, og gradstokken har mange dagar vist einsifra gradtal, seier mange. Men var vëret egentleg så dårleg i sommar – og korleis var temperaturen samanlikna med dei tidlegare sommarane?  Antal sommardagar er ein god indikator på korleis sommaren har vore – ein sommardag er ein dag kor maksimumstemperaturen har vore minst 20 grader – eller meir i løpet av døgnet.

Hos Jon Bruset på Småhjellan «målestasjon» er det registrert maksimum- og minimumstemperatur kvar dag sia 1990-talet. Han har samanlikna dei 3 siste sommarane, og den viser vi i tabellen nedafor:

Sommardagar i 2013 – 2015

Antal dagar   med max.-temp på 20 grader eller meir på Småhjellan

År/månad

Juni

Juli

August

Sum

2013 5 14 10 29
2014 12 24 15 51
2015 2 5 17 24

Ser ein sommarmånadane under eitt er det ikkje så stor forskjell på 2013 og 2015, men i år var det nok dei to vekene med skikkeleg sommarvêr i august som redda statistikken. Vi ser at juni og juli i år har 2 og 5 sommardagar, medan augst har heile 17.  I 2013 var det litt meir jamn fordeling, medan det i fjorsommar (2014) nærast var eit «kronår», med heile 51 sommardagar. Det kunne vore artig å sjå alle åra frå 1990, slik at ein kunne funne ein slags normalår for perioden.

Publisert: 5. september 2015, 19:40