Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rossåa settefiskanlegg sikrar vassforsyninga si

Jon Olav Ørsal Måndag 31. august 2015

I sommar har det pågått opprusting av vassforsyninga til Rossåa Settefiskanlegg som ligg ved utløpet av Rossåa. Anlegget har i dag tilføring frå eit filtreringsanlegg som ligg i botnen av Rossåa eit 2-300 meter ovafor Rossåbrua. No bygges eit heilt nytt vassintak, med ein dam litt nedafor Rossåfossen og ny rør nedover derfrå.  Måndag tok vi ein tur for å sjå på anlegget oppi Rossåa.

Grytnes_Bredesen_2209

Anleggsgjengen som jobbar i Rossåa – frå venstre Lars Nisja og Halvor Gisnås frå Bredesen, medan Domian Michalik og Kazimierz Faron jobba for Grytnes. Foto: Jon Olav Ørsal

Anleggsleiar Jostein Bruset i Statkraft fortalte at det er Grytnes som har prosjektet på vegne av Statkraft som er eigar av anlegget, medan Bredesen er underentreprør for alt gravearbeidet. Eit lag frå Grytnes var måndag i full gang med betongarbeidet på dammen, medan Bredesen sine folk dreiv med sikringarbeid og utbetring av elvaforbygging nedover elva.

Bredesen_sikringsarbeid_2229

Lars Nisja og Halvor Gisnås jobba med sikring av Rossåa. Og det var just ikkje småstein dei dreiv og flytta på. Det var bare så vidt gravemaskina klarte dei tunge løfta! Foto: Jon Olav Ørsal

Frå Rossåbrua og oppover til fossen er det bygd ny veg, der den nye rørgata som skal forsyne settefiskanlegget ligg i grunnen under vegen. Den nye vegen vil også knytes saman med vegen opp til grustaket etter kvart, slik at ein kan unngå den dei første bratte bakkane på gammelvegen opp til grustaket.

Bruset fortel at det gamle vassinntaket hadde lett for å gå tett, og det vart etter kvart store kostnader med vedlikhaldet.  derfor blir det no investert rundt 5,0 mill for å få eit ny og sikrare tilføring av vatn til settefiskanlegget. Han rekna med at anlegget kan ferdigstillast ein gong i oktober, før vinteren sett inn for fullt.

Rossåfossen_liten_2212

Rossåfossen slik han såg ut måndag. Det er nok litt meir fart når rossåa er flaumstor. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 31. august 2015, 18:00