Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nytt datasystem på Matkroken

Jon Olav Ørsal Måndag 31. august 2015

I samband med oppkjøpet av ICA Norge og dermed Matkroken-kjeda blir det onsdag skifte av datasystem og overgang til Coop sitt system ved Matkroken i Todalen.  Dette skjer altså onsdag føremiddag, og da blir butikken stengt nokre timar frå kl 9.00 og utover til ca kl 13, fortel Terje Nordvik.

Det var lenge uklart kva som ville skje med tanke på profilering og kjedeval, men Coop har bestemt seg for å fortsette med Matkrokens kjedeprofil.  Ved Matkroken Todalen blir det difor lite eller ingen forskjell på butikkprofilen, men vareutvalet vil etter kvart bli tilpassa Coop sitt sortiment også ved butikken i Todalen gjennom ein franchising-avtale.

Franchising vil seie at ein leiger eit forretningskonsept mot ei avtala avgift som skal dekke f. eks. marknadsføring og gjev samtidig tilgang på forskjellige tenester og avtaler som kjeda handterer. Det vil seie at eigaren framleis driv for eiga rekning og risiko og slik er også avtalen mellom L. Hals Eftf AS og Coop Norge.

 

Publisert: 31. august 2015, 13:03