Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9123 artiklar i dette arkivet.


Hagemøbelsalg ute i finvêret….

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. april 2016

Ved Hageland i Surnadal prisa dem finvêret med å lage trailersalg av hagemøblar utafor butikken fram til helga, og det var populært. Det er unike prøvemøblar som blir selt på denne måten, fortalte dagleg leiar May Britt Dyrli da vi var innom ein snartur.


Russetreff med ønske om ei festleg og trygg russetid

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. april 2016

No har russen i Surnadal alt klart for russefeiringa som startar med «dåp» utanfor Kulturhuset laurdag. Da får ordførar Lilly Gunn Nyheim æra av å vere «prest». Surnadal Sparebank er hovedsponsor for russen, og onsdag etter skuletid inviterte dei russen til treff i banken.


Kursdag med politioppbud på Nordvik…

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. april 2016

Det var nok mang ein nordvikgarding som spekulerte på kva som skjedde i Myra på Nordvik i dag tidleg. Eit oppbud av politi og politibilar er ikkje kvardagskost på Nordvik, sjølv om dei har sin eigen Per Politi. Men det var nok heilt utan dramatikk i dag, for det var lokalt politi som deltok i kurs, fortalte Steinar Lervik som var kursleiar for lokale polititjenestemenn frå Nordmøre.


T.I.L. med sjanseseilas til havs på 70-talet…

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. april 2016

Etter tips fra en utflytta todaling har vi sakset en god historie fra avisa NordvestNytt. NordvestNytt hadde fått inn et avisutklipp fra den sagnomsuste fotballturen til Veiholmen, da laget leide inn skyssbåten «Hauk» på Halsa og dro til havs. Skysskaren hadde totalt feilbedømt avstanden, og det ble nok litt vanskelig å orientere seg da de bare hadde et bilkart til bruk for navigasjon. Men turen gikk godt, selv om de både ble forsinket til kampstart og tapte fotballkampen. Vi kjenner att mange «størrelser» fra fotballbanen på 70-tallet på bildet, og blar du videre kan du lese hva NordvestNytt skriver om de langveisfarende gjestene.


1. mai – Else May Botten blir hovudtalar i Surnadal

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. april 2016

Surnadal arbeiderparti har programmet klart for 1. maiarrangement i Surnadal kulturhus. Stortingsrepresentant Else May Botten blir dagens hovudtalar under arrangementet som startar kl 15.00. Elles byr det politiske programmet på appell ved Magne Seierslund. Kulturinnslag blir det også, da både Surnadal Hornmusikk og Songkoret Tordenskjold vil ta del i feiringa.


Songkafé med opera i Bøfjorden

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. april 2016

Den tradisjonelle vårsongfesten i Bøfjorden Grendahus på 1. mai byr på program med stor spennvidde. Opera, allsong, kor, lokalhistorisk kongefest og kaffehygge fyller ettermiddagen. Sopranane Marit Nielsen og Sigrid Vetleseter Bøe og bassen Erik Rosenius strør rundt seg med smakfulle saker frå operasongens konfekteske. Med Hedda Hansen Berg ved klaveret kjem også tonefølgjet på sølvfat. Og da […]


Eit rådgjevande JA til samanslåing med Halsa og Rindal

Elinor Bolme Måndag 25. april 2016

61,3 % av dei som har valgt å gå til stemmeurna for å seie si meining om framtidas kommunestruktur i Surnadal kommune gjekk for alternativ 1; storkommune i lag med Halsa og Rindal. 38,7% av velgarane kryssa av for alternativ 2; å stå som eigen kommune som i dag.


Årsmøte i NKS Møre og Romsdal – Elinor Bolme held fram som leiar

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. april 2016

Sist helg heldt NKS Møre og Romsdal årsmøte i Molde. Litt over 60 engasjerte sanitetskvinner frå vel 20 lokallag møtte til det 73. årsmøtet i fylkesforeininga – eit inspirerande og godt årsmøte i følge leiar i Todalen sanitetsforening Maren Ansnes.


Bruk stemmeretten din!

Jon Olav Ørsal Sundag 24. april 2016

Måndag 25. april skal det gjennomførast rådgjevande folkeavstemming om kommunereformen i Surnadal kommune. I Todalen skjer det i Todalen skule, der vallokalet er ope frå 14.00 til 20.00 og fungerer tilsvarande som ved kommunestyre- og fylkestingvalet sist haust. I kulturhuset er det også muleg å avgi stemme søndag 24. april i tidsrommet mellom kl 17.00 til 20.00.


Internasjonalt kor: Syng med den stemmen du har…

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. april 2016

Vi holder på å starte opp et Internasjonalt kor for alle som bor i Surnadal kommune. – Dette skal være et tilbud for alle over 18 år, og man trenger ikke noen forkunnskaper. Syng med den stemmen du har, er det korte budskapet til sangglade som inviteres til å bli med. Koret er for dem […]


Rute 46 – Kvanne – Rykkjem: Normal drift igjen!

Jon Olav Ørsal Laurdag 23. april 2016

Rute 46 Kvanne – Rykkjem:  Kl 6.34 meldte Fjord1 om tekniske problemer og at sambandet var ute av drift.  Kl 7.04 meldes det at det atter er normal drift i sambandet.  


«Aldri fred å få» med Ole Ivars

Jon Olav Ørsal Fredag 22. april 2016

Det skortar ikkje på erfaring hos Ole Ivars. Torsdag var dei på besøk i Surnadal kulturhus, og nok ein gong klarte dei å bevise at de gamle er eldst med sitt nye musikkshow «Aldri fred å få». Etter 52 år på landevegen med turnebussen var det nok ikkje noko problem å lage eit to timars musikkshow for denne gjengen. Dei har eit heilt hav å ta av med både tekster og tonar, og det aller meste er eigenprodusert med sitt opphav i William kristoffersen. Dette måtte berre bli bra!