Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klondyke på andre dagen i Toåa…

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. juni 2016

Den gode starten på laksefisket i Toåa fortsetter på andre dagen. Vi har ikkje klart å skaffe full oversikt over fangsttala, men eit 20-tals laksar er nok komne i frysaren etter nok ei prodduktiv natt ved elvekanten.  Og laksen ser ut til å fortsette å ta agnet som laksefiskarane har å by på. Det blir rapportert fangstar frå både nedre og øvre del av elva.

Stolte laksefiskarar med kvar sin laks. Johan Nygård har rekorden enno med 6,8 kg og Frank Haugrim med sin på 4,8. Frank Haugrim var her på fiske for forste gong i 1972! Foto: Jon Olav Ørsal

Den hittil største laksen er det nok Johan Nygård som står for. Den vart teken på Ramsøyvaldet i natt, og vekta viste 6,8 kg. Det meste av laksen som er kome på land er i vektklassen 3 til 5 kg. Ivar Borthen fortel at han har fylt kvoten på 2 laks pr dag for begge dei to første dagane, og har ikkje fiska meir enn 2 timar tilsaman. Og Frank Hauggrim kan skilte med ein på 4,8 kg som gikk på kroken i løpet av natta.

ErikGreger_0862_L

To laks første dag for Erik Greger. Han kosa seg på campingplassen på Bordholmen – og har er middagen på gang. Foto: Jon Olav Ørsal

På Bordholmen har Erik Greger slått opp teltet og har etter første dag fylt opp kvoten – ein på 3,5 og ein på 4,5.  Første turen til Todalen i år blir berre på eit par dagar, men kjem att igjen i begynnelsen av juli. – måtte berre ha med meg starten på årets fiske og ta ein tur oppover, gliser han medan han varmer opp ein kasserolle med «Erter, kjøtt og flesk» for å ha noko å gå på.   Les også om laksefisket i Toåa på http://www.todalslaks.no

belgiere_Todalshytta_0894

Det er ikkje berre laksefiskarar på Todalshytta. Fotturistane har også gjort sitt inntog. Dei tre frå Belgia skulle prøve seg på Gammelseterdalen til Storlidalen. Frå venstre Maarten Van Deun, Nico Abeloos og Kris Covens. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 16. juni 2016, 13:10