Neste tysdag, 28. juni, blir årets første «balldag» på Todalshytta, fortel Eric Malling. Han har hatt travle dagar med traktering og innlosjeringa av laksefiskarar sia opningsdagen, men no vil han etter kvart blåse liv i den tradisjonelle balldagen på tysdagar frå kl 14.
Malling sett stor pris på at folk ringer inn bestilling på telefon 480 99 478 på forhand, slik at han kan sikre at det blir laga nok til alle. Sett av neste tysdag til balldag, oppfordrar Malling.