Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Villsau og mykje anna på Smøla…

Jon Olav Ørsal Måndag 20. juni 2016

Ein artikkel i tk.no før helga «tirra» nysgjerrigheita nok til at det ble søndagstur til Smøla denne helga. Jan Erik Larsen skulle laurdag Villsaubutikken.no på Stensøynesset på Vest-Smøla og dermed var ruta lagt. Ruta gikk til Hendset ferjekai og vidare gjennom Foldfjorden og til ferjekaia på Tustna og vidare til Edøya. Derfra går vegen til vestsiden, der Stenøyneset og Stensønes Gård. Der ligg Villsaubutikken ved vegen.

Villsaubutikken_Larsen_1014

Villsaubutikken ligg i kjellaren huset til venstre og kafe Fjøsen ligg i 2. etasje. I bakgrunnen ligg våningshuset som er under renovering. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er Jan Erik Larsen som er hovudmannen bak prosjektet. Han eig Stensønes Gård, og har med seg fleire på prosjektet med Villsaubutikken.no som består av både butikk, kafe og keramikkutsal. Jan Erik Larsen er kanskje mest kjent frå tida som rådgjevar for statsminiuster Jens Stoltenberg, men også frå informasjonsbyrået First House og som redakstør i TK ein periode. Men starten på karrieren hadde han i Surnadal, og mange hugsar nok Jan Erik frå tida som journalist i avisa Indre Nordmør i starten av 80-talet.

I nyare tid har han starta informasjonsbyrået KruseLarsen som er lokalisert til kristiansund, der han i dag har sitt virke. Men no er det altså tid for Villsaubutikken.no og Stensønes Gård som nærast er ein hobby. Da han kjøpte garden på Smøla, var husa til nedfalls. Fjøset og eldhuset er no ferdig restaurert og arbeidet er starta med våningshuset som var i ei elendig forfatning. Han har også eit 30-tal «villsauer» på beite like ved butikken, så noko av råvarene har han frå eigen produksjon på garden.

Butikken2_1028

I Villsaubutikken er det Yvonne Edvardsen Røstad som råder grunnen. Ho har mykje delikat lokalmat i butikkhyllene. Foto: Jon Olav Ørsal

I butikken er det kun lokalproduserte produkt. Speke mat frå smølasuer, meieriprodukt frå Tingvoll og Gjemnes og elles mykje godt som er lagaenten på Smøla eller andre plassar på Nordmøre. Noko av produkta produserer han sjølv, slik som rabarbrasyltetøy, myntegele og fleire andre ting. Kafe Fjøsen er leid bort og den blir drevet av Wenche Farstad, som satsar på heilårsdrift av kafeen også basert på eigenproduksjon av maten i størst muleg utstrekning, og vi kan iallfall ga god for at kanelsnurrane smaka godt til kaffen. I eit uthus på same tomta har kona Hanne Sissel laga utsal av eigenimportert spansk keramikk.

Tek du turen til Smøla i sommar er det vel verdt å ta turen til Stensøynesset og Villsaubutikken, men også Veidholmen og Gurisentret er verdt eit besøk. Men det lønner seg å starte frå morgonen, for det tar litt tid å kome seg dit og tida går for når du skal sjå deg litt rundt omkring.

Nedafor har vi laga eit bildegalleri frå besøket på Villsaubutikken på Stensøynesset.   Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 20. juni 2016, 04:00 - Sist oppdatert: 19. juni 2016, 21:58