Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9100 artiklar i dette arkivet.


Lagar omkjøringsveg via Tjønnmyra

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mars 2017

Ved Kufalla er Per Gjeldnes Maskin i full gang med å lage omkjøringsveg med tanke på reparasjon av Dalavegen som er skadd av ras. Det er ikkje teke noko avgjerd om når reparasjonsarbeidet skal skje, men da må omkjøringsvegen være klar.


SJFF – minner om årsmøte

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. mars 2017

Surnadal jeger- og fiskeforening minner om årsmøtet på Vårsøg Hotell i kveld 2. mars kl 19.00. I tillegg til vanlige årsmøtesaker og valg, vil det bli utnevnt to æresmedlemmer i laget denne kvelden.  – Æresmedlemmene hedres av laget etter å ha lagt ned en stor innsats for oss over mange år, melder styret.


Årsmøte i Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Torsdag 2. mars 2017

Kunngjering frå Todalen historielag:

Årsmøtet i Todalen historielag blir halde i Todalen ungdomshus torsdag 23. mars 2017 kl. 19.30.


Todalen historielag med vellykka filmkveld

Dordi Jorunn Halle Onsdag 1. mars 2017

Det var fullt rundt borda i Ungdomshuset da John Moe, leiaren i Todalen historielag, ønskte vel møtt til årets filmkveld; nær 70 personar var møtte fram! Svein Åge Saksen var ansvarleg for program og film.


Fin og interessant trimtur

Dordi Jorunn Halle Måndag 27. februar 2017

Siste Kløverturen i februar gjekk i retteleg fint og godt ver, sol og mestå vårstemning ute i Stranda. Som vanleg var det start frå Matkroken. Deretter gjekk turen utover Todalsvegen; over Rossåbrua og langs fjorden utover til raset.


Fotpleie for god trivsel

Jon Olav Ørsal Måndag 27. februar 2017

Trond Løfaldli har fulltids jobb med å stelle føtter. Han driv firmaet Trollheimen Klauvservice, og da er det som det ligg i namnet at det er klauvstell han driv med. Han har ein klauvboks som er tilpassa klauvstell på storfe, og her går det fort å stelle klauvene på ei ku.


I.L. Søya – kaller inn til årsmøte

Jon Olav Ørsal Måndag 27. februar 2017

I.L. Søya kaller inn til årsmøte i klubbhuset ved Søyabanen onsdag 29. mars kl 19.30. På dagsorden står vanlige årsmøtesaker og behandling av endring av lovnorm. Bla om, og les plakaten…


Filmkveld og tilbakeblikk med historielaget

Jon Olav Ørsal Måndag 27. februar 2017

Tysdag 28. februar kl 19.30 inviterer Todalen historielag til filmkveld med historisk tilbakeblikk til 1990-talet. Svein Åge Saksen har fanga inn mykje god og artig historie med sitt videokamera. No har han redigert materialet og vil vise oss ein knapp time med klipp frå 90-talet under filmkvelden i Todalen ungdomshus.


Blir du med ut på Kløvertur?

Dordi Jorunn Halle Sundag 26. februar 2017

Måndag 27. februar er det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turen denne gongen blir etter veg – frå Matkroken utover Stranda til kraftstasjonen, tilbake ned til smoltanlegget og rundt i Sissigrenda.


Inviterer til årsmøte i Todalen Idrettslag

Jon Olav Ørsal Fredag 24. februar 2017

Todalen Idrettslag inviterer til årsmøte i Todalen ungdomshus torsdag 30. mars kl 19.  Årsmøtet er kunngjort ved oppslag på Matkroken og gjennom Todalen.no. Fullstendig saksliste blir tilgjengeleg frå seinast 23.mars.      


Kilian vart raskast i vertikalen

Jon Olav Ørsal Sundag 19. februar 2017

Det var vel ikkje uventa at også søndag vart Kilian Jornets dag i Dalalia på Kårvatn. Sjølv om Håkon K. Johannesen var raskast ut frå stadion, så var Kilian ganske raskt i tet og berre auka på etter kvart.  Kilian var først på toppen (909 m), 3:16 føre Ola Hovdenak og 4:48 føre Håkon Klerud […]


Måndag – ny Kløvertur, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Laurdag 18. februar 2017

Måndag 20. februar blir det ny Kløvertur. Start frå Matkroken kl. 11.00. Turruta denne gongen er slik: Frå Matkroken går turen ned forbi fabrikken til Bordholmen, langs Toåa til Gunnøya og eventuelt innover til Båthølen og retur til butikken.