Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tradisjonelt biltog starta feiringa av nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2017

Biltoget i Todalen har tradisjonar heilt attende til 60-talet, da bilsalet vart frigitt etter 2. verdskrig.  I dag fikk vi iallfall sjå at det finns ein flott og moderne bilpark i bygda, da både bygdefolk og tilreisane  – rundt 50 i talet – kjørte i prosesjon frå Matkroken på Kvennset og oppover til gammelfabrikken i Brusetmarka – og nedover bygda igjen og til Bordholmen der det var samling til felles frukost.

Biltoget var egentleg eit «skrommeltog» fra begynnelsen, og da vart det lagt vekt på å halde godt med leven og høglytte hurrarop.  No er nok folk meir stillfarne og vi la merke til at det var fleire e-biler og hybrider, sjølv om det også var mange veteranar – vi såg iallfall Vw 1300, Volvo PV544 og Morris Mini av eldre årgang. Alle veteranbilande er velholdte bilar som blir godt påpassa. 

Vi har lagt ut eit bildegalleri frå biltoget og turen rundt bygda. Alle foto Jon Olav Ørsal.  Takk til vaktbilsjåfør Terje Talgø som sørga for at vi kom oss i posisjon for fotografering.

Publisert: 17. mai 2017, 13:17