Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Heile bygda kom til frukost

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2017

Fotballgruppa i TIL serverte friluftsfrukost til nærare 150 på Bordholmen. Frå venstre Nils Ove bruset, Bjørn Hauglann, Ola Kvendset og Borghild Talgø. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter at biltaogen var ferdig var det samling på bordholmen til felles friluftsfrukost. Fotballgruppa i Todalen I.L. har i feire år servert frukost på Bordholmen, og det er både sosialt og triveleg  å samlast på føremiddagen og Knut Bergli i TILs fotballgruppe fortalte at det var knappe 150 som nytta høvet til å ta frukosten på Bordholmen denne dagen. 

– Vi legg vekt på å servere sunn og god mat, og kunne i dag by på ferskt brød og heimebaka rundstykker  – noko folk viste at dei sette pris på. Det vart ei triveleg føremiddagsstund både for store og små todalingar, samt tilreisande som også sette pris på dette tilbodet.  Det var litt grått vêr frå morgonene, med etter kvart som sola braut seg gjennom skylaget var det betre tempratur og reint så triveleg og bra, sa Knut Bergli som er leiar i TILs fotballgruppe.

Bildegalleri frå dagens frukost på Bordholmen.   Alle foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 17. mai 2017, 13:28