Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Humanistik konfirmasjon i Surnadal – 3 todalingar var med

Jon Olav Ørsal Laurdag 13. mai 2017

I dag har det vore humanistisk konfirmasjon i Surnadal kulturhus.  12 ungdomar frå Indre Nordmøre valgte i år humanistisk konfirmasjon, og saman med familie og venner var dei samla i kulturhuset til ein flott seremoni, der Jenny Klinge heldt tale for dagen.  

Dei 12 ungdomane kom både frå Surnadal, Rindal og Halsa, og vi har fått flotte konfirmasjonsbilder frå lediard Foto AS som har teke både samlebiletet og biletet av dei tre humanistiske konfirmantane i Todalen på framsida. Dei Tre er Eivind Bolme,  Ingrid Margrete Næss og Bror Sæther.  Vi i Todalen.no gratulerer!

Flotte ungdommar som laurdag deltok i humanistisk konfirmasjon i Surnadal kulturhus. Foto: Lediard

 

Jenny Klinge heldt tale for dagen. Foto: Elinor Bolme

Publisert: 13. mai 2017, 23:53