Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9096 artiklar i dette arkivet.


Trimgruppa dreg i gang vårens fellesturar

Jon Olav Ørsal Fredag 19. mai 2017

No har TILs trimgruppe klart sitt vårprogram. Det startar alt åndag kveld, med kveldstur til Nauståfossen. Vidare utover våren er det lagt opp til turar til Gammalsetra, Dalasetra og Ansnessetra – ein familietur til Stor-Johannestålla har det også vorte plass til.


Inviterer til kulturvandring på Kvennset

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. mai 2017

Laurdag kl 14 inviterer Todalen historielag til kulturvandring på Kvennset. Kvennsetgarden har mykje å by på, vi kan berre nemne både gammelt og nytt kraftverk, settefiskanlegg, møbelindustri og historia om gamle sommarfjøs på Kvennsetøran.


17. mai på Nordvik 2017

Sverre Kjølstad Onsdag 17. mai 2017

Det var med bange anelser 17. mai komiteen gjekk til sengs i går kveld, da regnelingene sto i kø utover kvelden. I morgentimene i dag var det også noe duskregn, og etterpå kom skodda sigende. Men utover formiddagen ble det revner i skydekket, og sola tittet etter hvert fram.


Torsdag kveld: – G14 fotball på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2017

Torsdag kveld (18.mai kl 19.00) er det årets første kamp på Bordholmen. Det er G14 Søya/Surnadal mot Sunndal 1. Ta turen til Bordholmen – det er fleire todalingar på Surnadal/Søya-laget. – Sal av bakels og graut og andre varer i kiosken, rapporterer fotballgruppa.


Grunnlovsdag med folketog og tale for dagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2017

Den siste delen av feiringa av grunnlovsdagen starta på ettermiddagen med gudsteneste i Todalen kyrkje, og folketog til skulen, der det var både matservering, allsong, tale for dagen og leikar for borna.


Heile bygda kom til frukost

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2017

Etter at biltaogen var ferdig var det samling på bordholmen til felles friluftsfrukost. Fotballgruppa i Todalen I.L. har i feire år servert frukost på Bordholmen, og det er både sosialt og triveleg å samlast på føremiddagen og Knut Bergli i TILs fotballgruppe fortalte at det var knappe 150 som nytta høvet til å ta frukosten på Bordholmen denne dagen.


Tradisjonelt biltog starta feiringa av nasjonaldagen

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. mai 2017

Biltoget i Todalen har tradisjonar heilt attende til 60-talet, da bilsalet vart frigitt etter 2. verdskrig. I dag fikk vi iallfall sjå at det finns ein flott og moderne bilpark i bygda, da både bygdefolk og tilreisane – rundt 50 i talet – kjørte i prosesjon frå Matkroken på Kvennset og oppover til gammelfabrikken i Brusetmarka – og nedover bygda igjen og til Bordholmen der det var samling til felles frukost.


Jon Olav Ørsal Tysdag 16. mai 2017

Lørdag 20.mai kl 16.00 og søndag 21.mai kl 14.00, avvikles kulturskolens store danseforestilling. – Da samles alle danseelevene fra Halsa, Rindal og Surnadal i en felles oppsetning i Storstua på Skei. Kulturskolen inviterer dere alle til å komme å se og oppleve den spennende fargereisen, FARGERIKET.


Open dag på Krigsminnesamlinga på Åsen

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. mai 2017

Laurdag 20. mai inviterer Indre Nordmøre Forsvarsforening til open dag ved Krigsminnesamlinga like ved bygdemuseet på Åsen, – der det er ope frå kl 12 – 16.


Kløvertur frå Husby til Ramsøya

Dordi Jorunn Halle Måndag 15. mai 2017

Kløverturen denne veka starta i Husbygarden for å følgje den gamle ferdselsåra frå Husby og Hala og innover til Ramsøya. Turen gjekk oppover til Flathaugen der det har vore stor hogst i vinter, så no er landskapet ope og fint


Klart for sesongstart på Bordholmen

Jon Olav Ørsal Måndag 15. mai 2017

Den første fotballkampen i år blir torsdag 18. mai, når Sunndal og Surnadal treffes på Bordholmen.  da gjelder det å ha anlegget klart, og måndag var banekomiteen i full gang med førsteslåtten og merking på banen. Det er no over eit halvår sia banen har vore i bruk, så det meste av merkinga frå i […]


Stavgang i Brusetmarka

Jon Olav Ørsal Måndag 15. mai 2017

Denne veka kjem surnadal pensjonistlags stavganggruppe til Todalen på tur. Torsdag kl 11 er det Gammelfabrikken som er oppmøteplass og samlingspunkt, og dermed utgangspunkt for turar i nærområdet. Eit av dei mest aktuelle turmåla er nok Tjønnmyra, der den nye gapahuken er den største atraksjone. Etterpå blir det ein lang kaffepause i parkanlegget ved Gammelfabrikken – […]