Overraska prisvinnar
Lars Steinar Ansnes fekk målprisen for 2017. Prisen vart delt ut på årsmøtet til Nordmøre mållag på Averøy laurdag 11. mars .
Vi fann 9225 artiklar i dette arkivet.
Lars Steinar Ansnes fekk målprisen for 2017. Prisen vart delt ut på årsmøtet til Nordmøre mållag på Averøy laurdag 11. mars .
Med vanlege årsmøtesaker på agendaen og leiar Stig Husby som ordstyrar gikk årsmøtet i Todalen.no kjapt unna. For andre år på rad har nettstaden eit negativ resultat, men det er ikkje nokon fare på ferde, seier leiaren. No tek styret grep for å snu denne trenden.
At Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Anne Karin Elstad høyrer med blant Nordmørs-forfattarane, er alle samde om. Men kva med Arnulf Øverland – som er fødd i Kristiansund – eller Hans Kristiansen, Oslo-guten som mellom anna har skrive flotte dikt frå Kristiansund og frå Todalen?
Indre Nordmøre forsvarsforening ( INF ) var nyleg samla til årsmøte. I ein uttale frå årsmøtet vil dei gje uttrykk for at dei er uroa over dei stadige øydeleggelsane som uver påfører samfunnet som følgje av klimaendringar. Årsmøtet oppmodar derfor kommunar og andre sivile instansar til å gå gjennom sine planar for beredskap og oppgradere desse, slik at vi i framtida mest muleg kan forebygge mot ekstreme vêrforhold.
Sjølv om det var snø i lufta og litt kald trekk, møttest åtte damer framfor Halsbua måndag 12. mars. Turruta vart bestemt i fellesskap der og da, og turen gjekk etter allmannvegen frå butikken innover Kvennsetgarden og rundt om Husbygardane.
Bente Maalen budde i si ungdomstid fleire år i Todalen. Senere gikk veien til Trondheim og for så vidt ut i den store verden for å studere. Nå er Bente for lengst tilbake i Trondheim og har etablert seg i filmbransjen. I dag fikk vi epost fra Bente og spørsmål om vi kunne være med og bidra til å komme i kontakt med todalinger som har en god historie på lur – hun er nemlig med på et filmprosjekt om livet på bygda. Bla om og les hva Bente skriver, hun utfordrer nemlig todalingene til å bli med….
Todalen IL inviterer store og små til skileik på Tjønnmyra førstkommande søndag mellom klokka 14 og 16. Det ryktast om knallfine forhold etter ein lang kuldeperiode.
Surnadal jff tildelte på sitt årsmøte 1. mars NJFFs innsatsmedalje til to personer som over mange år har gjort en ekstra stor innsats for foreningen. Fylkessekretær Åsa Fredly var tilstede på årsmøtet og delte ut medalje, diplom og blomster.
Tysdag kveld var vi i Nordvik forsamlingshus på årsmøte i Nordvik grendalag. Nestleiar Karin Åsbø, som leia årsmøtet, gjorde fort unna saklista med faste innslag som årsmelding, rekneskap og val. På saklista stod det også ymse, og da vart det litt meir aktivitet. Uthuset trengte nytt tak, og da vart det også spørsmål om ein ikkje skulle utvid uthuset litt, slik at ein fikk plass til både plenkløppar, ved og anna utstyr.
Nordvik grendalag melder at dei held årsmøte i forsamlingshuset på Nordvik tysdag 6. mars. Møtet startar kl. 20.00.
Todalen historielag melder at det blir årsmøte Ungdomshuset tysdag 20. mars 2018 kl. 19.30
Denne måndagen var Kløverturen lagt til Tjønnmyrane; – det fine skianlegget til Todalen idrettslag. Da det er riktig så fine vinterdagar, var det da høve både til å ta Kløverturen til fots eller på ski.