Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vil presentere Nordmørsforfattarane

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. mars 2018

At Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Anne Karin Elstad høyrer med blant Nordmørs-forfattarane, er alle samde om. Men kva med Arnulf Øverland – som er fødd i Kristiansund – eller Hans Kristiansen, Oslo-guten som mellom anna har skrive flotte dikt frå Kristiansund og frå Todalen?

Og korleis vil vi plassere forfattarar som Stig Nilsson og Nina Valsø? Kva er det som gjer at vi kan seie at Knut Hamsun og Herborg Wassmo er Nordlandsforfattarar, Olav Duun og Johan Falkberget trønderforfattar, Vilhelm Krag og Gabriel Scott sørlandsforfattar, og Tarjei Vesaas Telemarksforfattar? Og kor stor betydning har det for oss som lesarar at litteraturen også fortel noko om den staden og den regionen den kjem frå?
Gunnvald Bøe, Styrkår Brørs og Eivind Hasle vil på møte i Senioruniversitetet for Indre Nordmøre 21.mars prøve å gi kjenneteikn og nokre eksempel under tittelen «Nordmøre i litteraturen».

Publisert: 13. mars 2018, 10:24