Lagseriestemne kvar måndagskveld – start i kveld kl 18
Lagseriestemna kjem i gang igjen i kveld, melder Gunnar Nordvik i Ski- og friidrettsgruppa i Todalen I.L. Det er start på Bordholmen frå kl 18.00 og utover.
Vi fann 9162 artiklar i dette arkivet.
Lagseriestemna kjem i gang igjen i kveld, melder Gunnar Nordvik i Ski- og friidrettsgruppa i Todalen I.L. Det er start på Bordholmen frå kl 18.00 og utover.
Den siste veka vart det fart i laksefisket. I veke 32 er det meldt inn 27 laksar som er tekne i Toåa, så laksefisket har hatt ein skikkeleg oppsving etter at det vart skikkeleg vassføring og fiskarelv. Natt til laurdag hadde vassføringa ein topp på heile 82,5 m3/sek ved Storfossen – i skrivande stund på måndag føremiddag er vassføringa ved målestasjonen på 7-8 m3/sek og det er fin fiskarelv.
I det nye bustad og hyttefeltet på Øygarden på Nordvik har det verkeleg foregått i sommar. Vatn Maskinstasjon har jobba med infrastrukturen i heile feltet og det har vorte både vegar , vatn og kloakk. Dei har også funne mykje rart, eller rettare sagt gammelt, som har gjort at arkeologane har funne bustadfeltet interessant. – Om det er gamle nordvikgardingar dei har funne det veit ikkje vi, men torsdag 16. august kl 19.00 vil dei iallfall stille opp og informere om sine funn. Nye funn har gjort at dei er komne i tidsnød og derfor startar infokvelden med omvisning i feltet og da gjeld det å kle seg etter forholda! Det er derfor lurt å ta med regnklær eller paraply.
Første turmål for «haustsemestret» for Stavganggruppa blir Igltjønna i Rindal. Torsdag 16. august er det på’n igjen, og frammøtetid er som tidlegare kl 11, og alle, både gamle og nye medlemar er hjartelag velkomne til å delta, melder stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag.
Under Orkla Sparebanklekene som har vore arrangert på Børsa i helga, var Erik Kårvatn raskast på 800 meter, med tida 2.10.46. Det var små marginer og på andreplass kom Henrik Kvennås frå Byåsen på 2.10.77, berre 31 hundredeler etter. Dette vart ny personlig rekord for Erik, med ei forbetring på 4 tideler.
Det er vel alle, utan unntak, som har ønska seg regn den siste tida. Og regn det kom det da etter kvart og i rikt monn natt til i dag. Ein kontroll av vassmålaren ovafor Storfossen bekrefta at det har vore skikkeleg nedbør i natt. Vassføringa som i sommar har lege på 1-5 m3/sek var plutseleg på 82,5 m3/sek ei lita stund mellom 3 og 4 i natt. Det er like oppunder verdiane for 5-årsflom, som NVE har sett til 85,6 m3/sek for Storfossen.
Vandrefestivalen har vore aktiv med mange arrangement gjennom sommeren, både i Tingvoll, Surnadal, Rindal og Halsa. Nå er det tid for hovedhelga i Vandrefestivalen. Den arrangeres 17.-19. august og er i år lagt til Tingvoll, og har et rikholdig program – noe for enhver smak.
Onsdag den 15. august inviterer Surnadal Bondelag til møte om grovfôrsituasjonen i regionen. Møtestart er kl 19.30 og finn stad i kommunestyresalen på Herradshuset skriv leiar Jan Henrik Moen i Surnadal Bondelag.
Vaulens venner inviterer til å bli med på markaslått på Vaulen på Nordmarka laurdag og søndag (11.-12. august). Det kan bli forskjellige oppdrag, men den årlege markaslåtten har 1.-prioritet. Det blir tradisjonell matservering med rømmegraut og spekemat.
Jarl Goli har inntil det siste året vært mest kjent som skuespiller og foredragsholder. Men han er også dikter, og har det siste året slått gjennom for fullt som bildende kunstner.
Goli har mottatt flere internasjonale priser som maler, og han vil også delta på utstillinger i New York og (flere) i Spania senere i år.
Det var meldt «søvæst og rægn» til søndag 5. august, dagen Stangvik historielag skulle arrangere tur til Søyådalen, så vi var litt spente på om det i det heile teke kom nokon som ville vera med. Jau da, vi vart i alt 18 stykkje som trossa ver og vind. Forresten veret vart ikkje så aller verst det; lange periodar med opphaldsver, men og nokre skikkelege regnbyger. Vi starta først med ein tur innover Tverrådalen, med samkjøring til «parkeringsplassen» ved Ellevsetseterstølen. Her finnst ikkje restar av husa lenger, men vi hadde god utsikt opp mot Tverrådalssetra, her står både skjelet, fjøset og ei løe.
Under gudstenesta søndag 5. august debuterte Hedda Hansen Berg som organist i Todalen kyrkje. Før gudstenesta var ho spent, men ho greidde organistjobben riktig bra! Det var både godt og lett å synge med når ho spela. Og samarbeidet mellom prest og organist fungerte godt.