Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

KBK-Haugesund – no kan du vinne billetter til kampen!

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. september 2018

Todalen idrettslag har fått 4 billetter til elitefotballkampen KBK – Haugesund som går på heimebane i Kristiansund søndag 23. september. Idrettslaget lager ein liten konkurranse ut av dette, og inviterer Todalen.no sine lesarar til å bli med – Det blir to vinnarar, og premien er 2 billetter til kvar som blir trekt ut.

Det er laga 4 spørsmål – den som har flest rett vinner. Dersom det er fleire som har rette svar blir det trekking …….

Spørsmål 1. Kva heter Todalingen som har sin opphav frå Haugesund?
Spørsmål 2. kva anna kjent fotballag kjem fra Haugesund? Tips, i følge Sølve Grotmol var resultatet ofte uavgjort.
Spørsmål 3. Kva er namnet på bandet som kjem fra Haugesund, og som har mange slagere – mellom anna om ein fugl?
Spørsmål 4. Kor mange Todalingar spelar for KBK i sesongen 2018?

Send inn svar, og bli med på trekninga av billettar til ein storkamp på Kristiansund stadion den 23. september.
Svaret sendast til nils.ove.bruset@talgo.no  Svarfrist tysdag 11. september.

Publisert: 8. september 2018, 09:36