Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Presenterte konfirmantane under gudstenesta

Jon Olav Ørsal Sundag 9. september 2018

Søndag ettermiddag var det gudsteneste med konfirmantpresentasjon i Todalen kyrkje. Det er 3 jenter som no startar konfirmasjonsførebuinga, og i dagens gudsteneste vart dei presenterte og sokneprest Kristin Strand snakka litt om kva program dei skal gå igjennom fram til konformasjonen på vårparten ein gong i 2019.  Dato for konfirmasjon er ikkje fastsett enno, men snart en den også klar.

Sokneprest Kristin Strand las frå gammelbibelen. Foto: Jon Olav Ørsal

Dei tre konfirmantane er Lina Husby Nygård, Karoline Brøndbo og Silje Øyen, som alle var i kyrkja og var med på presentasjonen.  Soknepresten fortalte at dei skal få lære mykje i løpet av vinteren, mellom anna korleis gudstenesta er oppbygd.  Dei skal og lære litt om salmane, men det er slutt på å «terpe» salmane slik som det delvis var gjort før.

Ellers nærmar det seg 50-årsjubileumfest for konfirmantane frå 1968. Her blir det feiring felles feiring i ungdomshuset med jubilantane frå Stangvik den 21. oktober – med tilhørende jubileumsgudstenester i Todalen og Stangvik kyrkjer.  Meir info om dette kjem seinare.

«Brødet som vi bryt gjev oss del i Kristi lekam» . Einy og Kristin delte ut nattverd til alle som ønska. Foto. Jon Olav Ørsal

Og etter gudstenesta var det kyrkjekaffe. Det er viktig med kyrkjekaffe, slik at vi får snakke saman så sokneprest Kristin Strand under dagens gudsteneste. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 9. september 2018, 16:47